Mange små og store tok turen til Tjønnmyra og det fine lysløypeanlegget som no endeleg har oppkjøyrte skiløyper. Og da ikkje endeleg fordi ingen har orka å lage spor, men fordi vinterføret til dei grader har lett vente på seg.
Les heile sakaFotpleie for god trivsel
Trond Løfaldli har fulltids jobb med å stelle føtter. Han driv firmaet Trollheimen Klauvservice, og da er det som det ligg i namnet at det er klauvstell han driv med. Han har ein klauvboks som er tilpassa klauvstell på storfe, og her går det fort å stelle klauvene på ei ku.
Les heile sakaI.L. Søya – kaller inn til årsmøte
I.L. Søya kaller inn til årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen onsdag 29. mars kl 19.30. På dagsorden står vanlige årsmøtesaker og behandling av endring av lovnorm. Bla om, og les plakaten…
Les heile sakaFilmkveld og tilbakeblikk med historielaget
Tysdag 28. februar kl 19.30 inviterer Todalen historielag til filmkveld med historisk tilbakeblikk til 1990-talet. Svein Åge Saksen har fanga inn mykje god og artig historie med sitt videokamera. No har han redigert materialet og vil vise oss ein knapp time med klipp frå 90-talet under filmkvelden i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaSolid overskudd og frisk nysatsning for Surnadal golfklubb
Måndag kveld hadde Surnadal golfklubb årsmøte på Thon Hotell Vårsøg. Laget har god økonomi, og kunne legge fram eit overskot på vel 200 000. Dette til tross for at post for medlemskontigent er betydeleg redusert dette året sett opp i mot 2014 og 2015.
Les heile sakaBlir du med ut på Kløvertur?
Måndag 27. februar er det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen denne gongen blir etter veg – frå Matkroken utover Stranda til kraftstasjonen, tilbake ned til smoltanlegget og rundt i Sissigrenda.
Les heile sakaFastelavn med kakao og nystekte bollar
Todalen Sanitetsforening har lang tradisjon med å markere og å feire fastelavn. På Matkroken dukka det opp tre damer, som slett ikkje kom tomhendt. Det velkjente fastelavnsriset kom på plass og det gjorde også fastelavnhjarta som var laga av lerke. Og sjølvsagt var det servering av nystekte bollar og varm kakao til alle som var […]
Les heile sakaSpor på Tristeinan oppkjøyrt
Scooterkomiteen melder no i morgontimane om at det er oppkjøyrte løyper frå Innerdalsmerket og opp til Tristeinan. I løpet av dagen vil nok også spor opp Øyalia og til skihytta bli i tipp topp stand, klare for helgeutfart. No er det også oppkjørt sport med sporleggaren nede i bygda. Frå Halsabrua, oppover mot Småland og […]
Les heile sakaKom og få fart på pinnane
I dag arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile sakaSøndag er det skileik
Ski og friidrettsgruppa inviterer til skileik på Tjønnmyra søndag mellom 14 og 16. Siste døgn har gjeve oss godt med snø, så forholda er no topp for den som ønsker ein runde eller to i lysløypa.
Les heile sakaInviterer til årsmøte i Todalen Idrettslag
Todalen Idrettslag inviterer til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 30. mars kl 19. Årsmøtet er kunngjort ved oppslag på Matkroken og gjennom Todalen.no. Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 23.mars.
Les heile sakaPå med skia, no er det fint i lysløypa
Ståle Ansnes melder til redaksjonen om at no er det topp forhold for ein skitur i lysløypa på Tjønnmyra. Han har bruka deler av dagen til å lage nye spor etter siste snøfall som kom i natt. Det er ikkje meldt unormalt mildver i helga, så muligheitene for litt trim er da kanskje tilstades.
Les heile saka