Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til Søyådalen og Mellingsetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. september 2017

Torsdag var det ny stavgangtur for Stavganggruppa. Turmålet denne gongen var Søyådalen og innover til Mellingsetra. Det var bilskyss eit godt stykke innover, og siste biten vart gjort unna til fots. Til sammen var det rundt 60 deltakarar, og det er nok mesta rekord. Det store deltakartalet kjem nok delvis av at omsorgsklassen på Surnadal Vidaregåande skule deltok på turen. Dei gjorde også denne gongen stor lykke med traktering av sjokoladekake til kaffen. 

Les heile saka

Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Torsdag 14. september 2017

Den siste sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag. Stem på din favoritt nederst på sida, avstemninga er åpen fram til fredag. Vi beklagar forsinka avstemning, grunna sykemeldt teknisk stab.

Les heile saka

Stor songglede i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. september 2017

Onsdag kveld inviterte det nystarta koret «Prosjekt 17» til Haustsongfest i Todalen ungdomshus, og det vart ein festkveld med stor songglede både av koret og folk i salen!

Les heile saka

Bjørnstad, Grosvold og Paus til Surnadal

Steinar Hasselø Onsdag 13. september 2017

Denne store kulturbegivenheten har nok gått under radaren til mange – så langt; tirsdag 19. september kommer Ketil Bjørnstad, Anne Grosvold og Ole Paus til Surnadal kulturhus.

Les heile saka

I kveld: Allsongkveld i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. september 2017

Allsongkveld i Todalen

Onsdag kveld inviterer koret Prosjekt 17 til «Haustsongfest» i Todalen Ungdomshus. Allsong, korsong, kaffe og utlodning står på programmet.

Med dette vil koret vidareføre ein songtradisjon der alle kan delta etter lyst og ønske. Atmosfæren er lett og avslappa – med kaffekos som viktig programpost. Allsongarket kombinerer nytt og velkjent stoff frå song- og visebøker.

«Prosjekt 17» (P17) er fortsettelsen av tidlegare Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor. Mellom allsongane byr P17 på utdrag frå slager-CD’en «Melodiminne», «Seterkabaret frå Todalen» og Bøfjord-kabareten «Med segl og Wichmann».

Les heile saka


Kunstprosjekt i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. september 2017

Norske kunsthåndverkere i Midt-Norge er i gang med eit kunstprosjekt som heiter DELING. Målet her er kunnskapoverføring – deling av kunnskap basert på materialar og lokale ressursar. Handverk og arbeidsmetodar er sentralt i prosjektet.

Les heile saka



Gje di stemme, og vær med og bestem…..

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2017

Søndag og måndag er det stortingsval i Noreg. Da er det viktig at du brukar stemmeretten din, for akkurat di stemme kan være avgjerande for resultatet av valet. Vi skal ikkje legge oss borti kva parti du skal stemme på, vi berre oppfordrar deg til å møte og gi di stemme. I Todalen er vallokalet ope frå kl 12:00 til 20:00

Les heile saka

Avslutning lagseriestemne på Tjønnmyra

Elinor Bolme Måndag 11. september 2017

Tirsdag klokken 18 inviterer ski og friidrettsgruppa til avslutning av årets lagseriestemne på Tjønnmyra. Idrettslaget stiller med pølse og brød, frukt og kaffe til alle som kjem.

Les heile saka

Fotballturnering med pizzakalas til slutt

Elinor Bolme Sundag 10. september 2017

Laurdag var knøttelaget til Todalen IL invitert til Grøa for ei vennskapsturnering på tampen av fotballsesongen. Fire klubbar med tilsaman 7 lag var i aksjon, og tilbakemeldingane tilseier eit topp arrangement.

Les heile saka