Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No er Stortingsvalet 2017 i gang

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. september 2017

Da er Stortingsvalet 2017 i gang, og i Todalen er røystelokalet i biblioteket i skulen. Vallokalet er ope til kl. 20.00 i kveld.

Valstyret i Todalen. Frå venstre Karin Halle, Jon Olav Ørsal og Elinor Bolme. Foto: Dordi J H

Leiar i valstyret i Todalen er Jon Olav Ørsal, og dei andre i det lokale valstyret er Elinor Bolme og Karin Halle. Dei tre har fått god opplæring og oppfølging av dei valansvarlege  kommunen for at valet skal gjennomførast korrekt og ordentleg. Heile valstyret har vore på kurs. Dei fortel at nytt av året er det at manntalet er elektronisk, derfor må ein ha med valkortet sitt eller legitimasjon med personnummer. Kan ein personnummeret sitt i hovudet, går det også bra.

I kø for å stemme. Fremst Aleksander, så Marit og Ildri. Foto: Dordi J H

Så langt i dag har det vore ein jamn straum av veljarar, så det tyder på at valdeltakinga i bygda blir bra. Men som alt nemnt, vallokalet er ope til klokka åtte i kveld, så enno er det tid til å bruke stemmeretten.

Ordførar Lilly Gunn Nyheim og rådmann Knut Haugen var på inspeksjon i valglokala, med Todalen på siste stoppestad. Dei sette pris på litt enkel traktering etter ein lang dag, som ennå ikkje var ferdig. Til kvelds blir dei å finne på kommunehuset når stemmekrinsane skal ankomme med sine urner etter dagens valg.

 

Publisert: 11. september 2017, 14:38