Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor songglede i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. september 2017

Onsdag kveld inviterte det nystarta koret «Prosjekt 17» til Haustsongfest i Todalen ungdomshus, og det vart ein festkveld med stor songglede både av koret og folk i salen! Det er tydeleg at folk likar å møtast for å synge i lag og synest det er viktig å halde songtradisjonen ved like. I «gamle dagar» var allsong mest alltid ein del av programmet når folk samlast.

Fint med korsong. Fremst frå venstre: Ann Magret Botten, May-Elisabeth Holten, Kari Sæther, Kirsten Baadnes Bøe, Liv Marit Polden, Inger Garthe, Randi Vetleseter Bøe og dirigent Bernt Bøe. Attast frå venstre: Nora Veteseter Bøe, Borghild Betten, Per Arne Hyldbakk, Gunnvald Bøe, John Moe, Einar Husby, Øystein Moe.

Koret «Prosjekt 17» er nystarta, men likevel gammalt, godt og kjent. Etter at Bernt G. Bøe vart pensjonist, har han ikkje lenger ansvar for kyrkjekora, og da vart det ei nyorganisering av korarbeidet hans. I koret «Prosjekt 17» er det songarar frå Todaslskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjorden mannskor, altså eit kor med erfarne og dyktige songarar, og dei imponerte med velklingande, fyldig og flott song sjølv om dei ikkje er så mange. Dirigenten syntest det var stas å utvide koret med ei stor og songglad forsamling til refrenget i ein del av songane. Og koret tek gjerne i mot nye songarar!

God stemning på «Haustsongfest». Borda var pynta med fine dukar, lys og blomster – triveleg. Rundt bordet frå vesntre: Anne Moe, Kitty Husby, Ingrid Todalshaug, Einy Rendal Elgsæther.

Godt med mat og kaffe for songarane også: Frå vemstre: May-Elisabeth, Inger, Kari og Kirsten.

Bernt dirigent imponerte nok ein gong med stor kunnskap og forteljarglede, og ikkje minst godt minne! Tekster og melodiar sit visst som spikra i hovudet hans. Han demonstrerte «gjenbruk av musikk»: melodiar vandrar og får nye tekster i nye samanhengar. Salmetonar kan kome att i viser, og visemelodiar kan bli nytta til salmetekster. Mellom anna så er den kjende melodien til «Londonderry Air» nytta til om lag 100 ulike teskter.

Publikum fekk mellom anna gjehør med songar både frå «Seterkabareten frå Todalen» og frå «Med segl og Wichmann»- kabaret frå Bøfjorden, mlodiminne som «Edelweiss», og av Petter Dass både «Fiskervise» og «En Smuk Aftensang».

I pausen vart det kaffe med mykje godt attåt, retteleg kveldsmat. Og loddsalet gjekk riktig godt syntest arrangørane, dei selde ut alle seks loddbøkene i løpet av eit kvarter.

John sel lodd. Frå venstre og rundt bordet: Lovise Jørgensen, Ingrid Nordvik, John Moe, Ingrid Røe, Ingunn Kjølstad, Jorunn Ørsal.

Borghild Betten Talgø var programleiar, ho takka for godt frammøte og ei riktig så tiveleg stund i Ungdomshuset. Kvelden vart avlutta med allsong av «Fager kveldssol smiler»; i god tradisjon både frå Todalen og Bøfjorden.

Godt oppmøte og folk kosa seg.

Alle foto: Jon Olav Ørsal.

 

 

 

Først publisert: 14. september 2017, 00:13 - Sist oppdatert: 16. september 2017, 11:56