Måndag kveld inviterer Todalen Oppvekstsenter til sommaravslutning klokka 17.30. Da er det tenkt grilling ute, der alle tek med grillmat og litt småkaker til kaffen.
FAU stiller med tente grillar, papptallerkenar, bestikk, saft og kaffe.

Måndag kveld inviterer Todalen Oppvekstsenter til sommaravslutning klokka 17.30. Da er det tenkt grilling ute, der alle tek med grillmat og litt småkaker til kaffen.
FAU stiller med tente grillar, papptallerkenar, bestikk, saft og kaffe.
Førstkommande søndag kl. 16:00 er det konsert i Todalen ungdomshus med Nordmøre Spelmanslag. Her blir det servering av slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif Halse med fleire. Nordmøre Spelmannslag er samansett av rundt 15 musikarar frå dei fleste nordmørskommunane med Hilde Bergfald som musikalsk leiar.
Les heile sakaTodalen historielag minner om at i morgon, laurdag 17. juni, er det tid for tur til Storlidalen og Oppdal. Turen går som planlagt; bussen kjører frå Talgø møbel kl. 07.20, stopp ved Stangvik skule kl. 07.40 og ferje frå Kvanne kl. 08.00.
Les heile sakaTorsdag gikk vekas stavgangtur til Åsskard. 27 deltakarar sette kvarande i stemne og tok turen utover langs sørsida av Åsskardfjorden i retning Bølandet.
Les heile sakaKvardagsaktivitetar var tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag på TILs temakveld i Ungdomshuset. Ho sette fokus på korsleis du sjølv kan påverke helsa di gjennom å være fysisk aktiv – og korleis dette gir målbare resultat. Det andre foredraget var det Nils Erik Ulset som stod for – han fortalte om sitt «liv og virke» som idrettsutøvar og korleis dette har påvirka livet hans. Nils Erik er ein dyktig foredragshaldar som gav mykje av seg sjølv for å få til eit interessant foredrag og ei interessant historie om korleis hans handikap påvirka aktivitetane og korleis han takla det og kunne dra nytte av det.
Les heile sakaBakelsansvarlege på skihøttå inviterer til laurdagskaffi
Les heile sakaTidleg på føremiddagen torsdag nærma fangstrapportane seg 10-talet med laksar som er komne på land i Toåa. Rekorden i år er det framleis Frank Haugrim som har med den 8,5 kgs laksen han tok berre minutter etter at laksefisket starta. I morgontimane i dag tok han like godt laks nr 2 som og var ein fin fisk på 5,5 kg – også den teken på flue i Hagan ved Bruset. det er ikkje rart anna enn at stemninga var god da vi besøkte Todalshytta i føremiddag.
Les heile sakaI natt har Svorka Energi drive vedlikehald av straumnettet. Arbeidet foregikk på Kvenneset, der tida var moden for å skifte ut ei av mastene som er utgått på dato – og som hadde litt råteskade. gunstig å utnytte den lyse sumarnatta til nødvendig vedlikehald.
Les heile sakaPå tredje kastet, og berre nokre få minutt inn i den nye laksefiskesesongen fikk Frank Haugrim den første laksen på kroken. Han hadde plassert seg i Hagan, nedafor Bruset, med fluestonga. I løpet av eit kvarters tid var den laksen på land. Ein flott laks på 8,5 kg, som attpåtil var feittfinneklipt og dermed den største laksen som ein med sikkerhet kan seie er gjenfangst av smolt som er sett ut i Toåa.
Les heile sakaDa vi stakk innom Todalshytta tidlegare i kveld var oppladinga til årets laksestart alt i gang. Heile gjengen satt til bord og kunne nyte den 5-retters middagen på tampen av ventetida. Kjøkkensjef Jan Larsen hadde mykje godt på lur, og når vi listar opp er eg usikker på om eg fekk med meg alle rettane, […]
Les heile sakaSvorka melder at det blir straumstans i kveld, onsdag 14. juni, frå kl. 22:00 til i morgon tidleg kl. 06:00. Dette gjeld strekninga frå Rossåa til Kårvatn. Grunnen er vedlikehald av straumnettet – skifting av trafo og pålar. Ved eventuelle spørsmål, kan ein ringe 924 20 050.
Les heile sakaTysdag kveld inviterte John Moe til vaskardugnad i Todalen Ungdomshus. Ungdomshuset trong no ein skikkeleg rundvask, og husformannen var spent om han fekk noko hjelp.
Les heile saka