Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historielaget med ny filmkveld

Dordi Jorunn Halle Torsdag 22. februar 2018

Tysdag 27. februar blir det filmkveld i Ungdomshuset. Todalen historielag er arrangør, og Svein Åge Saksen viser film frå eit rikhaldig arkiv. Filmframsyninga startar kl. 19.30.

Filmklippa denne gongen er frå tidleg 90-tal, og omfattar både barnehage, revy, skulekorps og Jobus. Her er det mange godbitar som vil vekke både gode, men kanskje også litt såre minne.

I klippa frå barnehagen presenterer Svein Åge mange ulike arrangement. Her er det klipp frå besteforeldrekaffe der unge og eldre møtest, gardsbesøk, Luciatog på skulen og juleavslutning i gymsalen for både skule og barnehage. Desse filmsnuttane er frå tida 1991 til 95.

Det blir tur til Stavanger og NM med Stangvik skulekorps. Revyviser med lokale aktørar frå 1991 og 92. Jobus med gjester spelar på hotellet.

Vi får song og musikk; eit innslag med Tone og Jørn, og eit med Tone og Brit Ågot.

Her blir det altså både gjenhør og gjensyn med mange frå bygda!

Etter kaffepausen blir det to filmklipp med Leif Halse frå 1974 og 1975.

Alle er velkomne til ein innhaldsrik filmkveld!

Her er plakaten:

 

Først publisert: 22. februar 2018, 22:40 - Sist oppdatert: 23. februar 2018, 18:12