Årets Røde Kors-tur er under planlegging, og torsdag 31. august er det plana å sette ut i livet ein busstur til Smøla og Veidholmen for alle som har lyst, fortel leiar i Surnadal Røde Kors, Reidar Brøske til Todalen.no. Da er det plana å starte frå Skei i 9-tida, og bruke heile dagen. Turen går via Halsa og over med Hendset til Arasvika og vidare til Tustna og ny ferje over til Smøla.
Les heile sakaTodalshytta: inviterer til «opningsball»
Todalshytta er for lengst i gang med ny sesong, som egentlig starta samtidig med laksestarten 15. juni, men som hadde ein liten tjuvstart alt i starten av juni med låtskrivarseminaret. men no er det ball som står på programmet – den første balldagen blir tysdag 27. juni (14.00 – 17.00) med Åse G. Øyen ved grytene, og potetball med tilbehør på menyen.
Les heile sakaTil topps i Energikampen
Ingebrigt, Maren og Lisabet gikk like godt heilt til topps i Energikampen under Norsk Laksefestival laurdag føremiddag. Dei låg godt an heilt frå starten, og kvalifiserte seg med glans til superfinalen saman med 2 andre lag….
Les heile sakaTodalsdagen – hjelp oss med lopper!
No er det tid for å rydde i skuffer og skap for å finne lopper til Todalsdagen. Loppemarknad er nemleg ein av aktivitetane under Todalsdagen som arrangerast laurdag 1. juli. Det er TILs trimgruppe og fotballgruppa som deler inntekta av loppemarknaden i år som i tidlegare år, fortel Borghild Talgø som er «loppesjef». Det gjelder […]
Les heile sakaLaksefestivalen: – klare for Energikampen på torgplassen
Klokka 10 går startskotet for den store energikampen under Norsk Laksefestival. I år har også Todalen oppvekstsenter eit lag som deltek i kampen, da 6 klasse stiller med Ingebrigt, maren og Lisabet.
Les heile sakaNorsk Laksefestival er godt i gang
Alt torsdag opna festivalen med Camp Villaks og tivoli, medan familiearrangementet ved Glønavatnet var hovudarrangementet og samla ein god del folk. Fredag opna marknadsgata på Skei, og elles var det både tivoli og opningsshow – vidare utover kvelden blir det både fiskekonkurranse og utekonsert på hovudscena.
Les heile sakaBreiband i sikte for Husbygrenda
Torsdag starta Rolf Petter Halle gravinga for å forsyne Husbygrenda med fiberbasert breiband. Det er no eit par år sia Svorka Aksess la opp matingskabel for fiberbreiband fram til transformatormasta ved Husby. No er dei altså i gang med å installere til fiberbasert breiband til alle som har bestilt, både i Husbygrenda og i Bekkerhagan bustadfelt.
Les heile sakaRestaureringa av kyrkja snart ferdig
Firmaet Tradisjonsbygg frå Sunndalsøra som har jobba med restaurering av murane på kyrkja er snart ferdige med arbeidet. Det er murane under koret og sakristiet som er renovert i denne omgangen. Denne delen av kyrkja er jekka opp, før dei gamle murane er fjerna og nytt fundament og nye murar er no snart på plass, fortel […]
Les heile sakaTo nyfødde todalingar
Eit tjeldpar har bygd sitt reir og lagt to egg på ei grav på kyrkjegarden for nokre veker sia. Den ligg tett attmed eine porten, og det har nok vore mykje ufred i rugeperioden. Likevel er det i dag kome to nye og velskapte tjeld-ungar. Foreldra har passa godt på i dag, og vart litt «rabiat» når vi nærma oss.
Les heile sakaRunda av vårsesongen med tur til Nauståfossen
Stavganggruppa avslutta torsdag vårsengen med ein finvêrstur til Nauståfossen. Rundt 35 deltakarar mønstra på Kårvatn for å ta del i turen på eit par kilometer innover til Nauståfossen som såg flott og mektig ut i dag.
Les heile sakaKløvertur til Svinvika og Gammelvegen
Siste Kløverturen før ferien starta med kaffelag i Svinviks arboret, vi var 13 til bords. Vi fekk servert nydeleg kake og heimelaga vaniljeis. Etterpå gjekk vi tur oppover Gammelvegen til Stikk UT!-boka oppå Kammen.
Les heile sakaI siste liten – vi treng noen ekstra vakter….
Todalen I.L. har lånt ut mannskap til vakthold under Laksefestivalen i helga. – Til vaktholdet fredag kveld trengs det noen ekstra vakter, melder leder Steinar Frøystad i Todalen I.L. Dersom du kan stille som vakt, så vennligst ta kontakt med Steinar på e-post: steinar.froystad@hotmail.com eller SMS til telefon – 930 93 668 snarest.