Det går framover med vegarbeidet i Falla, med arbeidet er utruleg forsinka i forhold til den første plana som gikk ut på å halde stengt i 5 veker. Da gammelvegen rasa ut vart arbeidet mykje meir omfattande enn først planlagt, og det er store mengder med stein og grus som er frakta vekk. No går ny prognose ut på opning om eit par veker for nødvendig transport – medan ferdiggjering av vegen til ta lengre tid.
Les heile saka
Scootergruppa i Todalen IL har denne veka kjøyrt på spor til Tristeinane og viare utover til skihytta og nedatt om Haukålia. Dei melder også om fine forhold på Tjønnmyra for den som ikkje har planer om ein langtur. Vegen går ennå midt i trasseen, men det er fullt muleg å benytte anlegget for det.
Les heile saka
Filmen «Den 12. mann» har vore så populær at kulturhuset no sett opp enda fleire framsyningar. Filmen blir difor vist torsdag 11. januar (kl. 13 og 20.30) og laurdag (kl. 14) i tillegg til dei forestillingane som allereie ligg inne (onsdag kl. 20.30, og som «onsdagstreff» 17. januar).
Les heile saka
Det var på det næraste kaos i Åsbøhaugane i dag tidleg. Det vart stopp for fleire bilar som hadde problem med å komme opp bakkan frå Søyåbrua og opp til Åsbøen, fortel Terje Nordvik som hadde slepa opp eit par bilar i dag tidleg.
Les heile saka
Rute 46 som har vore innstilt sia kl 8.47 i dag på grunn av dårleg vær, har no normal drift igjen, melder Fjord1 kl 15.51
Nytt år og nye aktiviteter skal gjennomførast i ulike lag og organinsasjonar. Redaksjonen oppfordrer derfor nok ein gong alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender.
Les heile saka
Søndag morgon og føremiddag melder Meteorologisk Institutt om ekstremvêr for området mellom Stadt og Rørvik. Da vil det bli sterk vind som først vil ramme utsette stader på kysten, men som etter kvart vil dreie vestlig og nordvestlig og dermed kome inn over land. Utpå dagen vil vinden være avtakande.
Les heile saka
Todalen Idrettslag har registrert etterspørsel etter trimaktivitetar og balleik. Tysdag den 9. januar startar laget med balleik i gymsalen i skulen. For dei aller minste og opp til 3. klasse kl. 17.30-19.00, 4. klasse og oppover startar kl. 19.00, og om det er interesse blir det gubbe-/kjerringtrim frå kl. 20.00 og utover.
Les heile saka
Vi har kåra ein vinnar til månadens bilete.
Les heile saka
Vi har kome til årets siste kåring av årets bilete, vi set stor pris på alle bidrag som er kome inn i løpet av året. Og håpar alle pluss fleire sendar oss bilete i det nye året òg.
Les heile saka
I dag var det premiere for den VW T-Roc hos Sveen Auto. Da vi var innom ein snartur i dag gikk vi oss rett borti ei velsmakande bacalaogryte, og var slett ikkje åleine om det. Det var kortreist bacalao frå Norsk Kvalitetsmat, og den gikk unna. T-Roc er ein ny SUV som i størrelse er i klasse med VW Golf. I løpet av romjula er eit par bilar kome inn og i dag inviterte Sveen Auto på prøvekjøring.
Les heile saka
«Den 12. mann» held stand!Det var smekkfullt da Surnadal kino viste «Den 12. mann» i romjula. Filmen vil minst gå ei veke til – og dessutan blir det plass til eit artig svensk gjensyn! «Solsidan – Filmen» gjekk i verste julestria. Mange hadde nok anna å tenkje på da, så Surnadal kino har sett opp filmen igjen laurdag 6. januar på ettermiddagstid (kl. 1630) – til glede for dei som har kosa seg med denne svenske komiserien på fjernsyn.
Les heile saka