Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste ordinære veke i arboretet

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2018

Svinviks arboret minner om at dei er inne i siste veke av sommarsesongen i arboretet for i år. Dei held ope til og med søndag 12.august, og håper at mange vil ta turen innom både hagen og kafeen desse siste dagane.

Gode prisar på siste rest av salgsplanter, og gode kaker i kafeen kan dei love!

Hagen er fin å oppleve også utanom rododendronblonstringa, og er ein ypperleg plass for å stresse ned, med inntrykk for alle sansar.

Arboretet kjem også til å ha ope 1.september i samband med SuSu sin rokonkurranse, og  29.september arrangerer dei temadag om frukt. Meir informasjon om dette kjem når det nærmar seg.

Publisert: 8. august 2018, 11:09