Har du epost levert frå Svorka, kanskje med fornavn.etternavn@svorka.net? Ja, da må du innan 1.1.19 ordne deg med ny epost frå ein annan leverandør. Dette fordi Svorka ikkje lenger ønsker å levere denne tjenesta til eksisterande brukarar.
Dei siste åra har Svorka opplevd ei massiv auke i antall spamangrep, noko som dessverre har medført at det har vore utfordrande å oppretthalde stabil og tilfredsstillende kvalitet på eposttjenesta, med den oppetid Svorka sine kundar fortjener. Samtidig er det no kun eit fåtall av kundane som er aktive brukarar av denne gratis eposttjenesta. Dette gjer derfor at Svorka har beslutta å leggje ned tjenesta med virkning fra 01. januar 2019. Alle kundar som er berørt har naturleg vis fått informasjon om dette, nettopp på sin svorka-epost.
Kva betyr dette for deg som kunde?
Frå 01. januar 2019 vil du ikkje lenger ha tilgang til din tidligare epostkonto hos Svorka. Dei oppfordrar deg derfor til å opprette ny epostadresse hos ein annan leverandør i god tid før dette. Husk også at du bør informere venner og kontakter om din nye epostadresse.
Dette bør du tenke på:
Du som har epost via Svorka, må bytte til ein anna epostleverandør seinast 31. desember 2018
• Du bør hente ut alle epostar du ønsker å ta vare på, seinast 31. desember 2018.
• Du bør informere alle dine kontaktar om di nye epostadresse.
• Du bør oppdatere epostadressa di alle stader der denne er registrert.
F.eks. hos Altinn, digipost, bank, forsikring, lånekassen osv., og hos ulike leverandører av varer (f.eks. nettbutikkar, bokklubbar osv.) og tjenester (f.eks. SAS, Norwegian, Netflix osv.).
• Det er muleg å få sett opp videresending til ny epostadresse. Eventuelle videresendinger vil fungere i minst 1 år etter at tjenesta er lagt ned.
• Svorka slettar all epost og annan informasjon når dei stenger tjenesta. Dette for å ivareta ditt personvern.
Er det noko du lurer på, eller treng hjelp til i forbindelse med dette oppfordrar Svorka til å ta kontakt med deira kundeservice på telefon 97 91 22 22 eller pr. epost bredband@svorka.no.
Når du no endrar epost vil også todalen.no også veta dette. I alle fall om du står oppført med feil/gammal epost i vår epostoversikt: TODALSLISTA