Alle er velkomne til haustfest i Start 4H, 3.november kl.14.00 i Todalen skule. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling.
Les heile saka
Alle er velkomne til haustfest i Start 4H, 3.november kl.14.00 i Todalen skule. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling.
Les heile sakaSiste måndagen i oktober vart ein riktig så fin verdag, om enn litt kald. Fjella er høge og sola står lågt, så det er ikkje så lett å finne turruter med sol. Men dagens tur på nordsida av Toåa oppi Talgøleigmålet vart kjøle fin om sola ikkje nådde ned til turgåarane. Det var overraskande lunt oppe i skogen.
Les heile sakaStangvik Historielag inviterer til «dialektkveld» på Stangvik skule tirsdag den 6. november kl . 18.45.
Vi får besøk av Gunvald Bøe, som vi veit har mykje kunnskaper om emnet, han både kjenner mange dialektord, og han kan gje oss forklaring på kvar mange av dei «rare» orda våre kjem ifrå og kva dei tyder.
Les heile sakaFørstkommende onsdag 31.10 er første kveld med balleik i gymsalen på skulen.Vi kombinerer balleiken denne kvelden med Halloween feiring. Sidan dette også er den store Halloween dagen, ønsker vi å invitere alle store og små til lek og moro, oppfordrar arrangørane i Idrettslaget.
Les heile sakaDet var skikkeleg basarstemning og mykje folk som møtte opp da Trim-, ski- og friidretssgruppa arrangerte sin årlege basar. Klingande mynt i kassa vart det også, for basarkomiteen rapporterte om skikkeleg god respons på førehandssalet på Matkroken dei siste vekene og sjølvsagt var det triveleg at så mange kom på basar, sa leiar i Trimgruppa Jorun Nordvik da ho takka publikum etter trekninga.
Les heile sakaSist veke kunne styret i Surnadal golfklubb endeleg samlast til styremøte i eige, nyoppført klubblokale. Golfklubben har ein ihuga dugnadsgjeng som møtes kvar veke for å gjere små og store oppdrag på anlegget. I haust har hovedgeskjefta vore å sette opp nytt klubbhus, som no altså er «innflytningsklart». Ei betrakteleg oppdatering av brakka som vart oppsett ved etableringa av banen i 2006.
Les heile sakaDet vart skremt livskiten ut av dei fleste da «Halloween» kom i 1978. Laurie Strode (Jamie Lee Curtis) overlevde derimot, og ho må ta opp kampen mot Mike Myers ein siste gong i denne nye skrekkfilmen. Halloween-filmen «byr på noen inspirerte grøss», skriv NRK, så publikum blir «skræmt, ja».
Les heile sakaLaurdag var det førehandsal til TILs basar for trim-, ski- og friidrettsgruppa. Loddsalet gikk strykande og Gunnar Nordvik hadde fullt opp med å registrere loddsalet. Førehandsalet fortsett i opningstida til butikken fram til kl 16.00. Søndag er det basar i ungdomshuset som startar kl 16.00 og går utover ettermiddagen og kvelden og der blir det massevis av gevinstar fortel Gunnar Nordvik.
Natt til søndag 28. oktober er det tid for å stille klokka igjen. Regelen er enkel og seier at klokka skal stilles mot sommaren, og derfor blir det sjølvsagt å stille 1 time tilbake når klokka er 3 på natta – og dermed blir klokka berre 2 igjen. Det fører til at du får ein […]
Les heile sakaDet har vel vore rim på frontruta fleire netter i oktober, men natt til laurdag var liksom den første natta med skikkeleg nattefrost og rim både på bilruta og i busker og kratt. På heimebane har det iallfall vore 2,9 kuldegrader i løpet av natta og vêrmeldinga på yr.no lovar kuldegrader eit par dagar framover – delvis også på dagtid. Men etter kvart blir det varmare igjen, og det blir 6-7-8 varmegrader resten av 10-dagersperioden.
Les heile sakaOnsdag 7. november inviterer Surnadal pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotell Surnadal. Arrangementet starter kl 19.00, og på programmet står både middag og dans til Trond Larsens kvartett, melder pensjonistlaget. Deltakerprisen er kr. 150,- pr. pers, og pensjonistlaget vil ha bindende påmelding til Jorunn på tlf. 901 51 989, eller Grethe på tlf 908 54 […]
Les heile sakaLaurdag 27. oktober er det strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00.
Alle er velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid, triveleg prat og kaffelag!
Les heile saka