«Godt folk har godt ver!» heiter det, men det stemmer slett ikkje alltid, for under Kløverturen måndag 11. februar var det ikkje godver, men både kraftige snøelingar og vind. Men forresten så var det da riktig godt å vere ute i det friske veret!
Les heile saka
Vi er no inne i ein periode der det er meldt store mengder nedbør i form av snø og regn. Brøytemannskapet rundt om i bygda er klare, men dei melder om eit glatt føre desse dagane. Anders Ansnes Karlsen fortel at snøen som no har komme er veldig glatt, og ber derfor den som ferdast […]
Les heile saka
Måndag 25. februar kl 19.00 inviterer Surnadal Heimbygdlag til årsmøte på Kallarommet på Thon Hotel Surnadal. På dagsorden stor «ord for dagen», og elles vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Måndag 11. februar er det plana å gå Kløvertur etter skogsvegen i Øyalia. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11:00. MEN: Yr melder snø og litt vind, så det kan bli aktuelt å legge om turruta.
Les heile saka
Mange tok turen til ein islagt Todalsfjord i mildvêret i dag. Her var både små og store ute i godveret for å oppleve det litt magiske å ferdas midtfjords på vinters tid. Dei aller fleste hadde med seg fiskeutstyr og prøvde lykka under isen. Og fleire meldte om fangst, men den kom tidleg på dagen. Fleire trudde at flo og fjøre spela inn på dette. Isen er no mellom 15 og 20 cm tjukk, og trygg å ferdast på, heilt fram til Nordvik.
Les heile saka
Det var fullt rundt salongborda i Sanitetshuset under Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Ikkje mindre enn 23 handarbeidsglade kvinner tok pause frå vintersporten i fjernsynet for å møtast til triveleg samvær. Her gjekk praten livleg og strikkepinnane fort!
Les heile saka
-Seks ulike filmar på Surnadal kino i løpet av ei stor veke – og nokre hastar det å få med seg!
Mest hast er det å få med seg GREEN BOOK, i alle fall i denne omgang. Ein god «gamaldags» film om ein røff utkastar som får eit sjåføroppdrag for ein meir forfina mørkhuda pianist.
Les heile saka
I veka som gjekk var Vegvesenet rundt på ein informasjonsrunde, der aktuelle grunneigarar og grendelag samt kommunestyra i Surnadal og Sunndal vart orientert om korleis Vegvesenet no jobbar med planane for Todalsfjordprosjektet. På det eine møtet møtte representantar for Todalen grendalag og Nordvik grendalag, samt grunneigarane og andre som kan bli berørt av prosjektet på nordsida av Todalsfjorden.
Les heile saka
Vi gratulerar Reidar Østvik med vinnarbilete av Kitty med snøskuffa
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. februar i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid!
Les heile saka
Førstkommande måndag kjem Jo Kvande Hansen på Intersport Olaf Moen Eftf. As til Tjønnmyra for å tilby todalingar og andre intereserte til felleskidemo. Jo fortel at han vil ta med seg felleski i forskjellige lengder og spenn, og alle som ønsker, skal få prøve. Han tek blant annet med seg testvinnareane fra Rossignol og Fischer.
Les heile saka
Statens vegvesen har utarbeidet ei ny plan for utbetring av nokre fylkesvegar i Møre og Romsdal. Noko av arbeidet er planlagt utført i 2019 og noko i 2020. I møte i samferdselsutvalet 6. februar i år vart det gjort samrøystes vedtak om å gjennomføre plana for 2019, som har ei ramme på 30,0 mill. Av dette er FV671 og strekninga Åsbøen – Svinvik tilgodesett med i overkant av 5,7 mill. på den 4886 m lange strekninga.
Les heile saka