Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart i arboretet laurdag 11. mai – kjem du?

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2019
Rododendronblomstringa er godt i gang, og vi inviterer til foredrag om rododendron i kafèen med Ole Jonny Larsen, som mellom anna har gitt ut fleire bøker om temaet. Han vil gi eit «grunnkurs» i rododendron, og kallar foredraget «Rhododendron for dummies».

Ole Johnny Larsen vil halde foredrag om Rododendron i arboretet. Foto: privat

 
Ole Jonny har sjølv ein stor rododendronhage i Spjelkavika, og produserer eigne planter. Han har med både bøker og planter for sal.
Arboretet er ope frå kl. 11.00 til kl. 16.00.
Foredraget startar kl. 14.00 og varer ca. 1 time. Billett kr. 75, inkl. inngang i hagen.
PS! Betalingsterminalen vår er undersvegs hit i posten, så ta med kontantar – eller du kan betale med Vipps!  DS
 
Meir informasjon om arrangementet finn de her:
https://www.facebook.com/events/670180200078671/
Meir informasjon om foredragshaldar Ole Jonny Larsen finn de her:
http://www.lapponicum.com/
Publisert: 10. mai 2019, 06:00