Sist veke kunne styret i Surnadal golfklubb endeleg samlast til styremøte i eige, nyoppført klubblokale. Golfklubben har ein ihuga dugnadsgjeng som møtes kvar veke for å gjere små og store oppdrag på anlegget. I haust har hovedgeskjefta vore å sette opp nytt klubbhus, som no altså er «innflytningsklart». Ei betrakteleg oppdatering av brakka som vart oppsett ved etableringa av banen i 2006.
Les heile sakaHalloween på Surnadal kino. Og kanskje blir det oppklaring på «Mordene i Kongo»?
Det vart skremt livskiten ut av dei fleste da «Halloween» kom i 1978. Laurie Strode (Jamie Lee Curtis) overlevde derimot, og ho må ta opp kampen mot Mike Myers ein siste gong i denne nye skrekkfilmen. Halloween-filmen «byr på noen inspirerte grøss», skriv NRK, så publikum blir «skræmt, ja».
Les heile sakaFørehandssal til Trimbasaren
Laurdag var det førehandsal til TILs basar for trim-, ski- og friidrettsgruppa. Loddsalet gikk strykande og Gunnar Nordvik hadde fullt opp med å registrere loddsalet. Førehandsalet fortsett i opningstida til butikken fram til kl 16.00. Søndag er det basar i ungdomshuset som startar kl 16.00 og går utover ettermiddagen og kvelden og der blir det massevis av gevinstar fortel Gunnar Nordvik.
Tid for å stille klokka igjen
Natt til søndag 28. oktober er det tid for å stille klokka igjen. Regelen er enkel og seier at klokka skal stilles mot sommaren, og derfor blir det sjølvsagt å stille 1 time tilbake når klokka er 3 på natta – og dermed blir klokka berre 2 igjen. Det fører til at du får ein […]
Les heile sakaNattefrost og rim på ruta
Det har vel vore rim på frontruta fleire netter i oktober, men natt til laurdag var liksom den første natta med skikkeleg nattefrost og rim både på bilruta og i busker og kratt. På heimebane har det iallfall vore 2,9 kuldegrader i løpet av natta og vêrmeldinga på yr.no lovar kuldegrader eit par dagar framover – delvis også på dagtid. Men etter kvart blir det varmare igjen, og det blir 6-7-8 varmegrader resten av 10-dagersperioden.
Les heile sakaInviterer til trivselskveld på hotellet
Onsdag 7. november inviterer Surnadal pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotell Surnadal. Arrangementet starter kl 19.00, og på programmet står både middag og dans til Trond Larsens kvartett, melder pensjonistlaget. Deltakerprisen er kr. 150,- pr. pers, og pensjonistlaget vil ha bindende påmelding til Jorunn på tlf. 901 51 989, eller Grethe på tlf 908 54 […]
Les heile sakaSanitetsforeninga melder: Laurdag: Strikkekaffe, og måndag: Kløvertur
Laurdag 27. oktober er det strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00.
Alle er velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid, triveleg prat og kaffelag!
Les heile sakaHus til salgs på Nordvik
Hus med fantastisk utsikt til salgs i Sollifeltet på Nordvik. Huset er bygd i 1982, og har leilighet med utleiemuighet i underetasjen. Fin opparbeida tomt i eit populært bustadsområde med mange nytilflytta familiar dei siste åra. Den som er interessert kan ta kontakt med selgar Tone Nordvik for ytterlegare info og takst. Ta kontakt med Tone […]
Les heile sakaT.I.L. – Basar med artig og nostalgisk innslag
Komande søndagskveld arrangerer Trimgruppa saman med Ski- og friidrettsgruppa basar i Todalen ungdomshus. basaren startar kl 16, og det blir både basarbord, åresal og utdeling av premiar. Hovedposten på programmet blir likevel eit litt nostalgisk lysbildeprogram, der Gunnar Nordvik viser lysbilder frå 90-talet, der ei gruppe dreiv med klatring både i Todalsfjella og i Innerdalen – med nettopp Gunnar som mentor og læremeister. Det blir nok eit triveleg gjensyn etter så mange år.
Les heile sakaAsfaltering og trafikkavvikling i neste veke
Neste veke blir det asfaltering av Bordholmvegen (FV671) og Brusetmelan (FV324). Da blir det litt trøbbel med trafikkavviklinga, fortel oppsynsmann Nils Erling Skaalvik i Statens vegvesen. Arbeidet startar alt måndag kveld(29.10), da all kaldasfalt skal graves ut og fjernes. Måndag kveld blir ikkje vegen stengt, men det blir etter kvart mange og store hol mellom Sandstad og Halsabrua.
Les heile sakaJulegåver til Estland, innsamling 6. november
Todalen sanitetsforening har i mange år sendt julegåver til Estland. Dette skjer i samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg. Dei har alt sendt ein bil med gåver til Estland, og neste transport blir 14. november.
Les heile sakaOppstart balleik
Det blir balleik i gymsalen på skulen onsdagar frå og med førstkommande onsdag 31. oktober til og med 12. desember. Her blir det som vanleg tider for dei yngste, og så for dei eldste ungane etterpå.
Les heile saka