Måndag 18. februar kom med nydeleg ver; sol og mild vind – eit lite streif av vår! På Kvennsetgarden har dei no lang solgang, og i dag gjekk heile Kløverturen i sol.
Les heile saka
Måndag 18. februar kom med nydeleg ver; sol og mild vind – eit lite streif av vår! På Kvennsetgarden har dei no lang solgang, og i dag gjekk heile Kløverturen i sol.
Les heile sakaBibliotekar Karen Johanne melder at biblioteket dessverre ikkje er ope i kveld, måndag 18. februar. Men neste måndag er det vanleg opningstid. Vel møtt til boklån måndagskveldane frå kl 18.00 – 20.00!
Les heile sakaPå laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung. Og aktivitet blir det i massevis kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.
Les heile sakaSanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 18. februar. Oppmøte ved Hals, turstart kl. 11.00. Yr melder godt ver, kanskje sol til og med! Turrute blir bestemt ved oppmøte, denne gongen skal det vere tur utan glatt underlag.
Les heile sakaNorges Skiforbund stod som arrangør av randonée trenarkurs på Kårvatn i Todalen i helga. Trenarkurset samla 18 deltakarar fra heile landet, og sågar eit par svensker deltok i kurset som hadde base på Kårvatn, og som bruka både Dalalia og uteområdet ved Dalahaugen til «klasserom». Ove Erik Tronvoll var instruktør og han er nok godt kjent frå skimiljøet og har mange kjente namn på blokka si.
Les heile sakaDet er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi kallar derfor våre bedrifts- og organisasjonsmedlemmar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 6. mars kl 19.30. Personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått.
Les heile sakaPå laurdagar er det alternativ distribusjon på aviser, og da er det Tedros Haile som har jobben med å distribuere avisene i Todalen. Det har han gjort eit år no, og han trives godt med den jobben, som han for øvrig utfører for distributørselskapet Easy2you.
Les heile sakaDet var ein humørfylt gjeng som var samla på Todalshytta på dugnad i helga. Dugnadsgjengen til KNT er viden kjent for sin dugnadsinnsats, og no er det altså Todalshytta som får nyte godt av innsatsen. I løpet av våren skal Todalshytta få ei skikkeleg renovering både utvendig og innvendig. Ein del ting er alt på plass, slik som reparasjon av alle vindu og legging av nytt tak. I vinter har det vore skifta ut nokre råtne stokkar i tømmerveggen og bygd nytt byslag over hovudinngangen. No startar arbeidet innomhus…..
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal pensjonistlag melder at dei er i gang igjen med trimmen på Landbrukshuset. Dei har fått ein dugande triminstruktør i Svein Tjelle, slik at onsdagstrimmen fortsett også onsdag 20.2. og onsdagar inntil vidare. Oppmøte kl 1100. Stavganggruppa ønsker alle vel møtt!
Snart starter et nytt jaktår, og dersom du har tenkt deg på jakt så må du tenke på å ta jegerprøven dersom du ikke har den fra før. Nytt kurs er like rundt hjørnet, og det er Surnadal Jeger- og Fiskeforening som arrangerer jegerkurs for nye jegere. Blir du med på kurset nå, så er klar med jegerprøvekurs til årets høstjakt starter.
Les heile sakaI.L. Søya inviterer til sonerenn på Vang Skiarena søndag 24. februar kl. 11.00. Rennet er for alle klasser i alle aldre, og går i klassisk stil, melder I.L. Søyas skigruppe.
Les heile sakaDet er Romsdal forsvarsforening i samarbeid med Indre Nordmøre forsvarsforening og Norges forsvarsforening som arrangerer dagkonferanse med dette tema fredag 15. februar kl 9.00 – 15.45. Det skjer i Molde i auditoriet til Romsdal videregående skole.
Les heile saka