Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velstelt kyrkjegard på 1-2-3

Elinor Bolme Torsdag 1. august 2019

Mange kom og ville hjelpe til med slåttedugnad på kyrkjegarden i dag. Det gjorde at det gjekk fort unna å få slått rundt kyrkjegardsmuren på begge sider, rundt alle gravstøttene, kyrkja og heile plen arealet. Graset var slettes ikkje på overtid, men med det fine veret som har vore i det siste var det greit å få teke ein skikkeleg slått rundt om.

Eivind og Ragnar betjente den store klipparen på skift, medan ein 5-6 mann gjekk med kantklipparar etter, og medan damene gjekk etter og rydda gras og litt ugras. For tida er det berre ein plenklippar tilgjengeleg, då ein er på reperasjon. 

Ragnar og Eivind sette pris på oppmøtet og kunne konstatere at no vart det verkeleg fint på heile området.

Bonnie Karin var med tante Anita og stelte familiegravene. Ho hadde feriert i ca ei veke i Todalen no, og venta mamma oppover til helga kunne ho fortelje.

Etter kvart vart det servering av både saft, kaffe og skuffekake til dugnadsgjengen. Under er enda fleire bilder frå økta på kyrkjegarden. Alle foto ElinorB

Publisert: 1. august 2019, 19:31