P17-koret klarte å skape ein skikkeleg stemningsfull kveld da dei trekte full brakke i Todalen ungdomshus onsdag kveld. Dei kunne by både på allsong og korsong med både mannskor, damekor og blandakor. P17-koret er i direkte fortsetting av Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Åsskard mannskor, til saman er dei 6 mannfolk og 9 damer som har Bernt Bøe som dirigent og musikalsk leiar.
Les heile saka
Førstkommande onsdag inviterer Koret Prosjekt 17 til ei kveldsstund med kor, trekkspel, allsong og kaffe i Todalen Ungdomshus. – Song er både triveleg og sunt, seier arrangørane og støttar seg på både erfaringar og vitenskapelege undersøkelsar som beviser dette.
Les heile saka
Gløymte du att sitjeunderlaget ditt på Haugligardane etter gudstenesta i går? Da kan du ta turen til Anders Gjeldnes i Bekkerhagan 10, så får du det/dei att.
Les heile saka
Det ryktas at årets påskekrim vart godt motteke, og lesarar frå heile landet har klødd seg i hovudet den siste veka. Ja, for kven var egentleg Pilk Panter som angjeveleg hadde todalsblod i årene?? Og Frk Bladfyk, som berre fyk her i feriane, skulle ikkje ho snart busett seg her og teke over redaksjonsoppgåvene for godt?
Les heile saka
Etter nærare 20 år må ein vel seia at friluftsgudstenesta på Haugligardane har vorte ein skikkeleg innarbeidd påsketradisjon i Todalen. Like tradisjonelt er set faktisk at det er finvêr 2. påskedag. Friluftsgudstenesta har nemleg vore eit fast arrangement heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på vêret og flytta arrangementet inn i kyrkja. Men finvêr var det den gongen og
Les heile saka
Siste dag i påska. Det er på tide å snøre igjen og finne løysinga på påskekrimmen.
Les heile saka
Todalen sokneråd minner om friluftsgudstenesta på Haugligardane 2. påskedag kl. 12. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen sokneråd og TILs Trimgruppe som vil servere grillpølse og andre forfriskninger etter gudstenesta.
1.påskedag er siste dag med kunst- og fotoutstilling i Skulstua. Det er Reidar Østvik og Sissel Halset Storslett som i samarbeid har hatt utstilling – Reidar Østvik med fotoutstilling i 1. etasjen og Sissel som har stilt ut måleri i 2. etasjen. Da vi var innom i ettermiddag var det over hundre persjonar som har vore inn i løpet av desse dagane. Det var dei godt nøgd med.
Les heile saka
Påskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing, men først må vi ein tur på bua.
Les heile saka
Den lengste fredagen i året er over. Kjerringdiltar 2019 er kåra, men det verkar som at det er Halle som er sentrum denne påska. Eit mysterium i seg sjølv. Men ikkje heng deg opp i det, vi lurar vel alle på kva kameraet til Grasforskar Grønmyr har fanga opp?
Les heile saka
Første påskedag (søndag 21. april) samlast sjakkentusiastar til påskesjakk på Matkroken Todalen. Har du lyst til å bli med er det berre å møte opp i tidsrommet 16 – til 18. På to timar blir det tid til to parti for alle, med ei tid på 30 minutt for kvar.
Les heile saka
I dag har definitivt vore ein utedag både på fjell og ved sjø. Tradisjon tru har trimgruppa avvikla det årlege skirennet «Kjerringdilten» rundt Skihytta. Vel 35 personar tok turen til fjells, og dei aller fleste deltok i skirennet med den gjeve vandrepokalen som mål.
Les heile saka