Måndag gjekk den siste storfurua i Svinvika overende. Det står nok mange store att enno, men ingen av dette kaliberet. Jon Bojer Godal var kunde og oppkjøpar, og den store furua skulle brukast til ny mast til jekta «Brødrene». «Brødrene» hører til i Melbu, og er ei storjekt med plass til rundt 1100 tønner. Den var bygd på Rognan så seint som i 1987, og er ein tru kopi av den gamle jekta «Brødrene» som var bygd i Mellomverftet i Kristiansund i 1887. Den nye masta må være solid, for jekta «Brødrene» har eit segl som er på rundt 300 m2. Den gamle jekta har ei lang historie i trafikken med tørrfisk langs kysten frå Nord-Norge til Bergen
Les heile sakaAvfallet er ein ressurs: – godt jobba for miljøet
Tor Erik Vikan frå Franzefoss overraska dei tilsette på Talgø MøreTre i Surnadal med ei kjempestol marsipankake til frokostpausen måndag. Vikan var på kundebesøk for å informere om resultatet av det første året med avtale om avfallshandtering mellom Talgø og Franzefoss. Talgø MøreTre i Surnadal kom best ut med sorteringsarbeidet det første driftsåret, da dei har kildesortert heile 93,4 % av avfallet.
Les heile sakaSurnadal kulturhus – slik blir jul- og nyttårshelga
Det blir, naturleg nok, nokre avvik frå normalen på kulturhuset i og rundt høgtida. Sjølve kulturhuset stenger før jul på kvelden fredag 21. desember. Det er ope torsdag 27. og fredag 28. desember (kl. 1130–1930) og kjem i normal drift igjen frå 2. januar.
Les heile sakaSesongstart i Surnadal Alpinsenter
I dag kom dagen som store og små skientusiastar har venta på – Surnadal Alpinsenter hadde sesongstart, og dro i gang heisen for å køyre folk oppi høgda. Kl. 11 starta heisen og i heile dag har det vore bra tilstrøyming av unge alpinistar. Litt «strul» med tråkkemaskinane laga litt problem, men det var ikkje verre enn at det var brukbare forhold utover dagen.
Les heile sakaRomjulsmarsjen blir arrangert 4. juledag
Romjulsmarsjen er forlengst komen på terminlista til Todalen Idrettslag, og blir arrangert 4. juledag (28. desember). Som tidlegare år blir det gløggservering og loddsal ved Sandstadkrysset og ved Brusetkrysset, og sjølvsagt er det flotte deltakarmedaljer til alle, melder TILs trimgruppe.
Les heile sakaLive i Todalen: No er billettane i sal
«Live i Todalen» er T.I.L.s julerevy 2018 som i år blir 4. juledag (28. desember), og no er altså billettane lagt ut på førehandssal på Matkroken Todalen (Halsbua). Vil du sikre deg ei eller fleire billettar så er det lurt stikke butikken for å fikse det.
Les heile sakaINF inviterer: Tradisjonell julegudstjeneste i Nidarosdomen
Indre Nordmøre Forsvarsforening (INF) minner om Forsvarets julegudstjeneste i Nidarosdomen, som i år er onsdag 19. desember kl. 11.00. Vi tar rutebussen fra Kulturhuset på Skei (FRAM-buss) kl. 07.50. Ingen påmelding.
OBS: Lause hestar på Ansnesvegen
Det meldes torsdag kveld om lause hestar på Ansnes vegen innover til – og kanskje forbi Todalsøra. Vær oppmerksam – det kan fort skje eit uhell!
Utgravingane på Nordvik er ferdige – uvisst når området blir frigjeve
Dei siste 3-4 vekene har det vore hektisk aktivitet i det nye bustadfeltet på Øygarden på Nordvik. Under opparbeiding av det nye bustadfeltet vart det funne fleire restar etter gravrøyser, men gamle kol- og beinrestar. Dei siste vekene har det altså gått føre seg utgravingar av fleire funn som virka interessante – no avsluttar dei arbeidet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Les heile sakaProduktiv pensjonist – to hefte med historisk materiale frå Bøfjord Historielag til jul
Bernt Bøe har slett ikkje ligge på latsida det første året som heiltids pensjonist. – No til jul har han vore redaktør av to julehefte frå Bøfjord Historielag, eller kanskje det er rettare å kalle det eit årsskrift og ei folkeminnesamling. – Det er iallfall på 7. året at Bøfjord Historielag kjem ut med årboka Gamle Nordmør med stoff som omhandlar heile Nordmøre.
Les heile sakaTodalingar feira adventstida på sydlegare breiddegradar
Frå Edmund Talseth har vi fått bilde frå Gran Canaria, der han og kona Jenny har feriert dei siste vekene. Søndag var det samling på Norskplassen på øya, der det var friluftsgudsteneste i samarbeid mellom Sjømannskyrkja og Den norske klubben. Der trefte dei fleire todalingar som var ute i same ærend.
Les heile saka«Jul uten grenser» – konsert med P17-koret
Onsdag 19. desember kl 18.00 inviterer P17-koret til julekonsert i Todalen kyrkje. Da blir det tradisjonell julekonsert med Prosjekt 17 – både som blandakor, damekor og som mannskor. P17-koret reklamerer med kjende, kjære, nye og vakre julesongar frå 12 ulike land. Denne kvelden er koret forsterka med organist Tor Strand som vi l traktere både orgel og piano.
Les heile saka