Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pressekaffe midt i valkampen

Jon Olav Ørsal Fredag 16. august 2019

Fredag inviterte Senterpartiet til pressekaffe på Kulturhuset.  Den lokale ordførarkandidat Margrete Svinvik og Nils Håvard Øyås hadde med seg fylkespolitikarane Kristin Sørheim (SP) og Bernt Venås (nr 9 på SPs fylkesliste) Dei hadde invitert med pressa på besøk hos Surnadal vidaregåande skule og til Svorka Energiverk. Formålet med besøket var mest å snakke med folk og høre kvar skoen trykkjer.

Besøket på vidaregåande var slett ikkje regissert på grunn av at skulen er i fare for å bli nedlagt. Etter besøket er intrykket heller tvert i mot, da det vart bekrefta at det er gjort avtale med Trøndelag fylke om at elev frå Rindal og Halsa er trygge på plassane sine hos SVS, sjølv om dei har vorte trønderar. Surnadal vidaregåande skule har gode søkartal i år, og det blir dette skuleåret 255 elevar, og ein stab med 48 tilsette. Avtalen med Trøndelag er positiv både for Surnadal og for Møre og Romsdal – og ikkje minst for elevane.

På sikt er nok små fødselstal ei stor utfordring for dei vidaregåande skulane både i Surnadal, Tingvoll og i Sunndal, men som sagt er det ingen planer om nedlegging.  – Det er forresten eit paradoks at sjølv om elevtala går ned så er næringslivets behov for nye tilsette aukande.  Senterpartiet ser forresten stor viktigheit i at elevane ved den vidaregåande skulen får bu heime og få betre relasjonsbygging enn om det flyttar ut av bygda for vidare skulegang rett etter ungdomsskulen. Gladnyheit er det også at det blir byggklasse på SVS igjen i år, og det er ein positiv trend at fleire elevar no søker seg til yrkesfag.

Bernt Venås er som sagt på 9. plass på SPs fylkesliste. Etter prognosane er 8 tilnærma sikre plassar på SP-liste, og den 9. plassen er verdt å kjempe for er gjengen enige om. Det er tross alt viktig å ha lokale representantar på fylkestinget når lokale ting skal opp – for eksempel Todalsfjordprosjektet.  For Bernt er det ei viktig at regionane i Møre og Romsdal blir knytta betre i hop, og viser til sjukehussaka i den samanheng. Men også Romsdalsaksen vs Møreaksen er viktig sak. Han ønskjer omkamp om den saka og viser til SP-fleirtal for å greie ut Romsdalsaksen.  Den indre aksen binder saman regionane mykje betre. Dersom ein klarar å realisere aktuelle planar på samferdselsektoren, så kan ein få ein utruleg gevinst for Indre Nordmøre.  Dersom ein tenkje romsdalsaksen, Todalsfjordprosjektet, Surnadal Hamn og godsterminal på Berkåk så vil mykje av utviklinga gå vidare av seg sjølv, seier Nils Håvard Øyås.

På ettermiddagen står besøk hos Svorka på programmet. Svorka er så absolutt i posisjon for breibandsdistribusjon og straumnett. – Det legges stor vekt på utbygging av både fibernett og straumnett, og Surnadal er nærast midtpunkt for både datatrafikk og distribusjon av vannkraft og vindkraft, sjølv om vindkrafta i første omgang er Statnett sitt ansvar.

Det blir spennande å sjå korleis utviklinga vil bli, og om vi er i god nok posisjon for å ivareta sjansane som byr seg etter kvart?

 

Publisert: 16. august 2019, 15:40