Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flying start for vandrefestivalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. august 2019

Fredag kveld startet årets Vandrefestivalen med konsert i tunet i Slettneset, hos Karin Aasbø og Nils Håvard Øyår i Slettneset Steinovnbakeri. Leiar i Norsk Vandrefestival, Tom Godtland, kunne ønske 2-300 festivaldeltakarar velkomne til Slettneset og til konsert – først med Tea Megaard frå Averøy, og etterpå til Anders Jektvik frå Hitra, som også hadde med seg band. 

Sentrale personar i samband med Vandrefestivalen, leiar Tom Godtland, Egil Nedal frå Friluftsrådet og Gøran Bolme frå iTrollheimen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vart ein kjempefin kveld, der både Tea Megaard og Anders Jektvik fikk god kontakt med publikum som kosa seg rundt borda som vart dekte i tunet i Slettnesset. Her var det både mat og drikke å få, og steinovnbakt pizza og kanelsnurrar falt heilt tydeleg i smak hos publikum. 

Laurdag er det på’n igjen frå kl 12 – først med diverse familieaktivitetar som startar frå kl 13.00 og frå kl 17.30 er det festaften med utdeling av prisen «Årets vandrar» og vidare utover kvelen blir det konsertar kl 18:00 med Øyvind Hassel Weiseth og frå kl 19:00 konsert med Frode Alnæs og Sondre Meisfjord. Det skjer i Svinviks arboret!

Bildeglimt frå festivalarrangementet fredag kveld.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 17. august 2019, 00:35