Torsdag 6. juni kl. 19 på Stangvik oppvekstsenter lanserer Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes bind 2 av serien «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda».
Les heile saka
Torsdag 6. juni kl. 19 på Stangvik oppvekstsenter lanserer Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes bind 2 av serien «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda».
Les heile sakaTodalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.
Les heile sakaMåndag 3. juni kom 7.500 nye verpehøner og tok plass i det nyoppussa og oppgraderte hønehuset i Pestua. Tidleg på morgonen kom dei til gards, men det tok ikkje lang tid før dei fann seg til rette i gangane og i hyllene. Dei er seks uker gamle og har vakse opp i eit like ens hus på Jæren. Dette er innsett nr 13 i Pestua, og om eit par veker er dei klare til å starte å verpe. Dei legg nok ikkje merke til at det har skjedd store endringar sia hønehuset vart tømt for både høner og utstyr på etterjulsvinteren.
Les heile sakaTorsdag 6. juni møtes vi ved Svinvik for å gå Svinvikrunden. Dette er en Stikk Ut tur som er svært mye benyttet, og vi starter langs gamleveien om Langkleiva som ble åpnet i 1898, og var den første veien ut fra Todalen. Framme ved Snøya går en over til en nyere vei som ble åpnet i 1938, og fortsetter langs Svinvikhamrene. Det er valgfritt om en vil gå rundtur, eller samme veien tilbake. Etter endt tur samles vi i Svinviks Arboret for kaffepause. Vel møtt alle sammen!
Etter ein lang periode med surt og kaldt ver vart det endeleg varme og godver igjen; kjekt for Kløverturgjengen som første måndagen i juni tok turen til Kårvatn. Her var målet å gå frå «Fjellgarden i Trollheimen» og innover til hyttefeltet og Sagstuå.
Les heile sakaSki- friidrettsgruppa i Todalen idrettslag ønsker å sende ein spesiell invitasjon til ungar og unge på Nordvik til denne vekas lagseriestemne på Bordholmen.
Les heile sakaI går var Nils Erik Jakobsson Gjeldnes i aksjon under NAF sin landskonkurranse «Trygg på sykkel» i Letohallen på Dal. I gutteklassen var dei 21 deltakarar, og Nils Erik endte til slutt på ein solid 4. plass. Dei to beste gutane og jentene dannar no eit eit landslag og gjekk i år vidare til europafinalen […]
Les heile sakaMåndag 3. juni inviterer Saniteten til RUSLETUR på Kårvatn. Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00. Samkjøring til Kårvatn.
Les heile sakaDet er stor interesse for lokalhistoria i Todalen, og todalingane tek godt vare på historia si. Historielaget har nærare 200-medlemar og det er mange som er aktive i arbeidet med å ta vare på historia. Todalen historielag har kvart år eit årsskrift med artiklar frå lokalhistoria, og i fleire år har laget arrangert historisk vandring i fleire av grendene. Laurdag var det Husbygrenda som stod for tur med start i kyrkja og vandring vidare til Husby og nedover att til Bekkerhagan bustadfelt, der rundt 50 personar deltok
Les heile sakaVerneorådet i Trollheimen inviterer til møte og befaring vedrørande Surnadal kommune sin bestemmelse om at Todalen skal være kommunens hovedinnfallsport til Trollheimen. Dette skal være ein plass som egnar seg til kortare turar/opphald, og som har god tilgang til parkering. Det er ønske om at desse plassane skal ha ein høg grad av tilretteleggjing både for sitteplassar og toalett, og om mogleg natursti/sti tilgjengeleg for bevegelseshemma, eldre og barnevogn/sykkel.
Les heile sakaFredag morgon kunne vi notere 5 grader på gradstokken, medan minimumstemperaturen i løpet av natta har vore på rundt 3 grader. Den siste tida har det faktisk vore sludd og slaps i regnet og nattetemperaturen har også vore på minussida. Slikt vêrbruk minner faktisk om oktobervêr!
Les heile sakaOnsdag skulle Team Otto kome på overraskande besøk til Svinvika. Med ein stor lastebil med tilhengar og 5-6 varebilar med eller utan tilhengar troppa opp i Svinvika. Ut av bilane kom det eit tital personar som alle var klare for jobb.
Les heile saka