Rododendronblomstringa er godt i gang, og vi inviterer til foredrag om rododendron i kafèen med Ole Jonny Larsen, som mellom anna har gitt ut fleire bøker om temaet. Han vil gi eit «grunnkurs» i rododendron, og kallar foredraget «Rhododendron for dummies».
Les heile saka
Dagens stavgangtur gikk frå Rabbleet på Nordvik og utover til Haltbakkan, og hadde rekordarta deltaking med rundt femti i talet, og deltakarar i alle aldrar.
Les heile saka
Kyrkjegardsdugnaden torsdag kveld var fort unnagjort. Mellom 40 og 50 kom for å delta på dugnaden, og med effektiv leiing var dugnaden ferdig i løpet av eit par timar. Da var kyrkjegarden og området rundt ferdig rydda og raka og det vart tid til ein lang kaffepause før alle dro kvar til sitt.
Les heile saka
Hausten 2013 var alt klart for å opne Hett & Svett som er Todalen I.L. sitt treningssenter i dei gamle lokala til Todalen postkontor. Og jammen har det vore bruka, det bekreftar servicemannen frå Sportsmaster, Kjell Berge, som torsdag har gått gjennom og teke full service på alle apparata.
Les heile saka
Laurdag opnar porten i Svinviks arboret for ein ny sommarsesong. Det er nok på tide, for dersom det kjem litt meir varme no, så blir det nok full rulle med rododendronblomstring i arboretet. Den kalde vêrtypen vi har hatt dei siste dagane har gjort at blomstringa nærast har stoppa opp – sist natt hadde vi kuldegrader i arboretet, fortalte Maja Frønes. Onsdag kveld var det dugnad i samarbeid med Surnadal Hagelag og med god deltaking var det fort gjort å rydde og rake rundt omkring i arboretet.
Les heile saka
I Todalen har skuleborna lang tradisjon for å hjelpe til med plakatar for å marknadsføre 17. mai-feiringa. Det var det velvilje for i år også, så i dag har det vore storstila plakatproduksjon i skulen. Resultatet kan du sjå på biletet på framsida der heile gjengen har stilt opp for fotografering med kvar sin plakat.
Les heile saka
Wencke Kvendset har funne ein nøkkel i stien ned mot Gunnøya i dag. Ho har teke vare på den, så om det er din kan du ta turen til Viastua.
17. mai nærmar seg med stormskritt trass iherdige snøelingar den siste veka. Vi har fått tilsendt årets program for Stangvik skulekrets.
Les heile saka
Det er nok mange som har lurt på kva slags byggverk som har vakse fram på austre del av banen på Bordholmen. No er det nok alle som ser at det dreier seg om ein ballbinge, og den er bygd med tanke på Todalsdagen, fortel Knut Bergli i fotballgruppa. – Den blir nok eit populært supplement på Bordholmen som kan brukast heile sommarhalvåret.
Les heile saka
Svinviks arboret og Surnadal Hagelag inviterer til den årlege vårdugnaden i arboretet førstkomande onsdag (8.mai) frå kl. 18.00.
Bed og stiar skal ryddast og gjerast klar til opning den 11.mai.
Etter endt arbeidsøkt blir det kaffe og ein matbit. Ta med egna redskap. Alle er velkomne på dugnad.
Måndag kveld hadde J11 Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sin første seriekamp på Bordholmen i år, og det var Surnadal 1 som var på besøk. Til tross for at det berre var nokre få varmegrader var det stor fotballglede og godt humør i gjengen som entra grasmatta på Bordholmen.
Les heile saka
Etter veker med finver og gode temperaturar vart det på nytt vinter. Men kløverturgjengen tok ut på tur likevel og fekk ein fin runde innover skogsvegen frå Sanitetshuset.
Les heile saka