Det var stor aktivitet under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Kyrkja var pynta til hausttakkefest med frukt og grønsaker for å markere at innhaustinga er ferdig. Elles var det både dåpshandling, markering av 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1969 og ikkje minst utdeling av 6-årsbok.

Det var sokneprest Kristin Strand som heldt dagens gudsteneste i Todalen kyrkja. Foto: Jon Olav Ørsal
I dag vart Fillip Torvik Børmark båret til dåpen, og det var dåpshandling saman med foreldre, faddere og familie. Vidare var det markering av 50-årsjubileet til konfirmantane frå 1969 som fikk kvar si historiebok om Todalen kyrkje som jubileumsgåve. Utdeling av 6-årsbok var det også – Natascha Maria Nordvik utviste stort mot og presenterte seg sjøl framfor menigheta da ho fekk boka med leiar i soknerådet Britt Mossing. Under gudstenesta var det nattverd og takkoffer til trusopplæringa i menigheta.

Natascha Maria Nordvik fikk i dag 6-årsboka og presenterte seg sjølv for menigheta. Foto: Jon Olav Ørsal

50-årskonfirmantane fikk jubileumsboka for Todalen kyrkje som gåve. Frå venstre Knut Halset og Marie Hyldbakk Ovesen saman med sokneprest Kristin Strand og leiar i soknerådet Britt Mossing.