Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til julebordsfeiring

Jon Olav Ørsal Fredag 11. oktober 2019

Det er nok litt tidleg med julebord enno, men det er på høg tid å starte planlegginga for å sette av datoen, seier Nils Ove bruset som er leiar i Todalen Idrettslag.  – Vi skal bygge vidare på julebordsuksessen frå i fjor, da rundt 70 personar deltok i julebordsfeiringa i Ungdomshuset.  I år er det laurdag 23. november som er den magiske datoen for mykje god julemat og mykje julestemning i Todalen ungdomshus. 

I fjor vart det 70-80 som deltok på julebordsfeiringa i Ungdomshuset, fortel Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L. Det er idrettslaget og grendalaget som saman står bak arrangementet i år. Arkivfoto: JOØ

Som sagt så var det ein ubetinga suksess i fjor, og i år reknar vi med at det blir mange fleire som vil bli med, seier Nils Ove.  Han fortel at det er Todalen Idrettslag og Todalen Grendelag som saman står ansvarleg for arrangementet.  Og det blir mykje god julemat som kjem på bordet denne kvelden – sjølvsagt pinnekjøtt og ribbe, men også mykje anna godt. 

Vi kjem att med meir info om julebordet – påmelding og tidsfristar, og fleire detaljar om meny og opplegg elles etter kvart – men sett av datoen som altså er laurdag 23. november!

Tapasribbe klar for steikovnen – Roaldset var kjøkkensjef for julebordsarrangementet i Ungdomshuset i fjor. Arkivfoto: JOØ

Publisert: 11. oktober 2019, 08:23