Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inn til 5. plass i sin klasse på NM i terrengløp

Jon Olav Ørsal Sundag 13. oktober 2019

Erik Kårvatn reiste til Oslo og Frognerparken med håp om å bli mellom dei 10 beste i sin klasse i NM i terrengløp.  Erik deltek for Rindal I.L. og det er klasse G16 vi her snakkar om, og løpet var på 4 km – 2 x 2 km. 

Erik har gjort mange bra løp i år – søndag vart det 5. plass i G16 i Frognerparken. Foto: GK

Resultatet vart altså femteplass, og fattige 7 sekunder frå medaljeplass i sin klasse.  Men slik er det, seier Erik, som er veldig godt nøgd med 5.-plassen og medgir at 7 sekund kan være mykje det også enkelte gonger.

Erik tykkjer  iallfall at det er ein stor inspirasjon for vidare satsing, og da vi snakka med han hadde han akkurat sett Johaug i mål, og venta på at Henrik Ingebrigtsen skulle starte.

Erik var fattige 7 sekund frå medaljeplass i G16 – det fristar til vidare satsing seier han til Todalen.no. Foto: GK

Frå tilskuerplass – her passerer Henrik Ingebrigtsen med nr 591 på brøstet. Foto: GK

Publisert: 13. oktober 2019, 13:51