Sol frå skyfri himmel og vindstille – ein topp dag for Rusletur og Kløvertur på Kvennsetørå. Etterpå var det lunsj i Sanitetshuset, mykje folk og god stemning rundt borda.
Les heile saka
Sol frå skyfri himmel og vindstille – ein topp dag for Rusletur og Kløvertur på Kvennsetørå. Etterpå var det lunsj i Sanitetshuset, mykje folk og god stemning rundt borda.
Les heile sakaI samband med innsamlingsaksjonen som i år går til CARE minner vi om den Internasjonale bygdekvelden i Storstua på kulturhuset tysdag 15. oktober kl. 18. Arrangementet er gratis og bys på mykje god underhaldning – mellom anna koret WOX og kulturskulen som byr på mykje song, musikk og dans. Lotteri med mange flotte gevinstar frå lokal bedrifter og privatpersonar.
Les heile sakaVi kjenner til at det er planlagt ny parkeringsplass ovafor kyrkja. Den er tenkt som eit supplement til dagens parkeringsplassar framfor kyrkja og mot Husbygeilen. I dag starta gravinga for å undersøke om det er skjulte oldtidsfunn i området for den nye parkeringsplassen.
Les heile sakaMåndag 14. oktober kl. 19:00 inviterer Todalen historielag til temakveld kveld i Todalen ungdomshus. Denne kvelden er det namn langs Toåa som er hovudaktiviteten, men det blir vist mykje bilder på storskjerm og i fotoalbumar, så det kan eigentleg bli litt tå kvart denne kvelden, seier leiar i historielaget John Moe. Vi er rett og slett ute etter å skaffe oss info om ting som vi ikkje veit nok om.
Les heile sakaHeilt sidan 2010 har Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg, og dei dreg til Estland med julegåver 22. oktober.
Les heile sakaErik Kårvatn reiste til Oslo og Frognerparken med håp om å bli mellom dei 10 beste i sin klasse i NM i terrengløp. Erik deltek for Rindal I.L. og det er klasse G16 vi her snakkar om, og løpet var på 4 km – 2 x 2 km.
Les heile sakaDet var stor aktivitet under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Kyrkja var pynta til hausttakkefest med frukt og grønsaker for å markere at innhaustinga er ferdig. Elles var det både dåpshandling, markering av 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1969 og ikkje minst utdeling av 6-årsbok.
Les heile sakaOnsdagskvelden 30.10. kl 19.00 arrangerer Surnadal Pensjonistlag trivselskveld på hotellet. Det blir enkel middag (oksesteik m/grønsaker) og kaffe, før vi samlast på Gladlaxen for å dansa til Trond Larsens kvartett. Vi trur det blir triveleg!
Les heile sakaLaurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest og jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå 1969 som var spesielt invitert. På menyen stod det svinegryte med potetstappe, og etterpå vart det servert kaffe og kaker.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer måndag 14. oktober eldre og godt vaksne i bygda til lunsj i Sanitetshuset kl. 12.00. Det blir eit enkelt måltid med tid til å prate og hygge seg rundt borda.
Les heile sakaDet er nok litt tidleg med julebord enno, men det er på høg tid å starte planlegginga for å sette av datoen, seier Nils Ove bruset som er leiar i Todalen Idrettslag. – Vi skal bygge vidare på julebordsuksessen frå i fjor, da rundt 70 personar deltok i julebordsfeiringa i Ungdomshuset. I år er det laurdag 23. november som er den magiske datoen for mykje god julemat og mykje julestemning i Todalen ungdomshus.
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 22.10. kl 1500, melder leder Kristian Ranes i en e-post. – Vi får besøk av formann i fylkesstyret Melvin Steinsvoll, det blir song og musikk, servering og loddsalg. Vel møtt til eit triveleg møte!