Norsk vandrefestival inviterte til utmarkshistorisk vandring i liene på Nordvik laurdag 17. august. Oddvar Mikkelsen stilte som kunnskapsrik, lokalkjent og engasjert guide; dette gjorde at vandringa vart utruleg interessant for deltakarane. Veret var også godt.
Les heile saka
Det var Marte Melbø som mottok prisen som årets æresvandrar på vegne av friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal. Marte er StikkUT-ansvarleg i friluftsrådet og mottok prisen på vegne av friluftrådet i Nordmøre og Romsdal og kommunane som deltek i arbeidet med StikkUT. Veldig overraskande, men kjekt å få ei slik tilbakemelding på arbeidet som vi gjør for å engasjere folk i StikkUT-prosjektet.
Les heile saka
Det var slekta etter Ingeborg og Ole Husby frå Falløya som laurdag var samla i Todalen ungdomshus, både for å treffes og for å bli betre kjent. Det var Odd Arild Sande, kona Eva og Jim Bruseth frå Texas som har vore initiativtakarar og som har planlagt gjennomføringa av prosjektet. Til saman vart det invitert 35 tremenningar, og 20 av dei kom. Med ektefeller og 9 barnebarn på kjøkkenet er vi 48 i ungdomshuset i dag, seier Odd Arild.
Les heile saka
Det er eit kjent fenomen at mange insekt har problem på grunn av klimaendringane. Ikkje minst gjel det humler og villbier som det har vore stor fokus på. Under dagarrangementet på årets Vandrefestival er det sett fokus på akkurat det med humlehotell, og dermed er det lagt tilrette for at dei yngste skal få være med og bidra til at humler og villbier skal få ein stad å bu. Bygging av humlehotell var ein av familieaktivitetane i samband med dagarrangementet i arboretet laurdag
Les heile saka
Fredag kveld startet årets Vandrefestivalen med konsert i tunet i Slettneset, hos Karin Aasbø og Nils Håvard Øyår i Slettneset Steinovnbakeri. Leiar i Norsk Vandrefestival, Tom Godtland, kunne ønske 2-300 festivaldeltakarar velkomne til Slettneset og til konsert – først med Tea Megaard frå Averøy, og etterpå til Anders Jektvik frå Hitra, som også hadde med seg band.
Les heile saka
Fredag inviterte Senterpartiet til pressekaffe på Kulturhuset. Den lokale ordførarkandidat Margrete Svinvik og Nils Håvard Øyås hadde med seg fylkespolitikarane Kristin Sørheim (SP) og Bernt Venås (nr 9 på SPs fylkesliste) Dei hadde invitert med pressa på besøk hos Surnadal vidaregåande skule og til Svorka Energiverk. Formålet med besøket var mest å snakke med folk og høre kvar skoen trykkjer.
Les heile saka
For dei som ikkje var på jubileumsfesta i Todalen Ungdomshus sist laurdag, så hhttps://youtu.be/xNndvyMKHt8ar vi no lagt ut filmen av Tone Søyset Døving sin sjølvskrevne jubileumssesong på YouTube.
Les heile saka
Ein sau med 2 lam har vorte ein slags kjendis i Todalen. Dei vart først observert i Ørsalbukta, men har målbevisst kryssa over Halsabrua fortsett etter strandlinja forbi Bordholmen stadion og Talgø MøreTre sin elementfabrikk på Kvennset no i føremiddag.
Les heile saka
Onsdag kom tipien på plass i arboretet, og dermed er det «synlege beviset» på Norsk Vandrefestival klart til bruk. Startskotet for Vandrefestivalen går fredag kveld, men det skjer i Slettneset på Nordvik, der det arrangeres konsertar – først med Tea Megaard og så med Anders Jektvik med band. I Slettneset opnar portane kl 20, medan konsertane startar kl 22, og arrangøren rapporterer om godt førehandsal av billettar så langt.
Les heile saka
I Skulstua i Todalen var det berre lyset frå dataskjermane som fortalte at det var full aktivitet. Og aktivitet skal det bli gjennom heile natta, for dei 7 kompisane har innretta seg på ei lang LAN-natt i dei gamle skulelokala. Her var det tøffe dataskjermar og kabinett som var kobla saman i eit nettverk, og som fekk breibandforsyning via kabel.
Les heile saka
Når dette skrives er det knappe 30 timar til laksefiskesesongen 2019 er slutt i Toåa. I Toåa er det fiske etter dei anadrome fiskeslaga, laks og aure, frå og med 15. juni til og med 15. august. Denne sesongen har vore prega av lite nedbør og dermed låg vassføring. Den siste tida har vassføringa vore mellom 1 og 2 m3/sek ved Storfossen, og det er alt for lite. Det bør være minst 8-12 m3 for at det skal vøre god fiskarelv, fortel erfarne laksefiskarar.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 20.8. kl 15.00. Vi får besøk av ordførarkandidatane frå Ap og Sp som vil gi oss orientering om valet, melder leiar Kristian Ranes til Todalen.no
Les heile saka