Etter to prøverundar med volleyball blir det no arrangert volleyballtrening fast på tirsdagar fram mot jul.
Kl 19.30 i gymsalen på skulen.
Etter to prøverundar med volleyball blir det no arrangert volleyballtrening fast på tirsdagar fram mot jul.
Kl 19.30 i gymsalen på skulen.
I forrige veke hadde IL Søya sitt halvårsmøte kor det er fotballgruppa som har sitt årsmøte. Den sittande leiaren Leif Magne Andersen tok ikkje gjenvalg etter to år i leiarstolen, men valgnemda fekk på plass ein rutinert fotballentusiast i Torgeir Kvendset.
Les heile sakaKaldperioden dei siste par vekene har gjort underverker i Sæterlia, og deler av anlegget er klart for å køyrast i gang alt komande helg kan vi lese på Driva.no. Snøproduksjonen har stort sett gått som smurt, og det komande døgnet er det meldt litt «natursnø» som liksom skal toppe det heile.
Les heile sakaDagens bokslapp vart utsett ein time i ettermiddag for å styre unna straumstansen som Svorka hadde beramma. Men det vart bra oppmøte i Ungdomshuset i ettermiddag, og det nye årsskriftet som er nr 18 i rekkja, var godt motteke. Todalen historielag jobbar godt, og har stor oppslutning i bygdefolket som er interessert og engasjert i den lokale bygdehistoria. I dag var det møtt opp eit femtital interesserte, da lagets leiar John Moe kunne ønskje velkomen.
Les heile sakaSkøyteisen på Bordholmen var frå tidleg på formiddagen til seint på ettermiddagen invadert av ivrige unge og vaksne på skøyter i dag. Mange var nok litt gjeralause sida straumen var utkobla, og rolege inneaktiviteter var utilgjengelige. Frå klokka 14 hadde Knut Bergli annonsert enkel ishockeytrening med spisskompetanse frå Braat IL og Janis Balandis. Da vart […]
Les heile sakaFleire tok turen til Start 4H sin haustfest i dag. Haustfesten er avslutninga på 4H medlemmane sitt arbeidsår, der dei presenterer både sine prosjekt og klubbens aktivitet. Klubben har gjennom året arrangert både medlemsmøter, plastinnsamling, LAN og dugnad på Toåa Tursti.
Les heile sakaSøndag 17. november kl 14.00 er det skøytekurs på Bordholmen. Da kommer treneren til Braatt Hockey til Todalen for å gi gode råd for å bli litt bedre på skøyter. Kurset er først og fremst for nybegynnere, men alle som liker å gå på skøyter oppfordres til å bli med. Det er for barn i alle aldre.
Les heile sakaI ettermiddag var gjengen i Start 4H på plass i gymsalen for å forberede til morgondagens haustfest. 10 spente utstillarar rigga til prosjekta sine og er no klare til bedømming og ikkje minst eit sosialt arrangement i morgon.
Les heile sakaLaurdag 30.november vil det bli julegatetenning ved Matkroken Todalen frå klokka 16:15 til ca. 18:00. Todalen Grendalag er arrangør og dei inviterer til nytenking med julemarked i tillegg.
Les heile sakaIL Søya arrangerer basar i Myrvang søndag 17.nov kl 17.00. Fotballgruppa markerer avslutning på sesongen denne dagen med deltakardiplom til alle spelarane på dei aldersbestemte laga. I tillegg vil trimgruppa trekkje ut premier frå årets trimbøker.
Les heile sakaPå grunn av nødvendig arbeid på strømnettet, blir det søndag 17. 11. strømstans i området Eidet, Melhus, Todalen, Stangvik og Torvik i tidrommet 9:00 – 14:00, melder Svorka Energi, som beklager ulempen dette medfører. Har du spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050. Legg for øvrig merke til at Boksleppet til Todalen historielag et utsatt til søndag kl. 15.00 på grunn av dette!
Dagens landbrukskonferanse i kulturhuset samla nærare 120 deltakarar og vitnar om at landbruksnæringa står sterkt i Surnadal. Konferansen er eit samarbeid mellom Surnadal Sparebank, Surnadal kommune, Surnadal bondelag og Todalen bondelag, og har vore arrangert kvart år sia 2007 og er fagleg påfyll med sitt mangfaldige program.
For konferansen hadde litt av kvart å by på, og starta med at ordføraren i Surnadal, Margrete Svinvik, ønska velkomen.