Årsmøtet i T.I.L. vart utsett tidlegare i vår på grunn av koronakrisa. No når forholda etter kvar begynner å normalisere seg er det tid for å tenke årsmøte på nytt, og ny dato for møtet er sett til torsdag 4. juni kl 19:00 – i Todalen ungdomshus
Les heile saka
Så vart det endeleg «restart» av Kløverturen. Utruleg kjekt å kome i gang att; godt å møtast og kunne gå tur i lag!
Les heile saka
Stikk UT! -mer populært enn noen gang.
Vi merker helt klart en økning i turaktiviteten, og ser at svært mange stikker ut på tur. Åpningshelga har vært ekstrem til tross for varierende vær.
Les heile saka
Om våren er det mykje nytt liv ute i naturen – det gjeld både fuglar, dyr og bufe. Elg, hjort og rådyr treng ektra ro og fred for å føde nye kalvar, og det same treng fuglar som hekkar både i skogen og langs stranda eller langs vassdarg. Difor er det på tide å minne om bandtvangen som på denne tida er generell og gjeld alle.
Les heile saka
Her kjem nye bileter fra historielagets scannerpatrulje og denne gongen fra Kårvatnleigmålet. Kanskje ser du gamle kjente?
Les heile saka
Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for april. Hugs å send oss bidrag til dagens bilete om du har tatt eitt fint bilete i det siste, vi blir alltid glad for nye bidrag.
Les heile saka
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 4. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det ryk ut av pipa på Todalshytta, og dei nye drivarane vandrar fra rom til rom for å sjå på mulegheitene før årets sesong. For dei nye drivarane Stian og Arve Evensen har mange planer og ser verkeleg fram til å kunne åpne dørene offisielt 1. juni.
Les heile saka
Første maidagen starta med godver, og det var mange som tok ut på tur. Det vart ein pangstart for Stikk UT!-sesongen 2020.
Les heile saka
Det har lenge vore uklart kva som skal skje med skyteprøven for storviltjegrar – blir det oppskyting på vanleg måte eller blir det ikkje? No har Miljødirektoratet avklara mykje av denne usikkerheita ved at dei har beslutta at storviltjegrar som tok prøven i 2019 får forlenga godkjenning også for 2020-sesongen. Nye jegrar må derimot ta skyteprøve på vanleg måte.
Les heile saka
Gjengen på Søya/Todalen G12 har starta treningssesongen 2020. Med nokre koronarestriksjonar var det likevel full fart på treningsfeltet på Bordholmen i går kveld. Det er ikkje lagt opp til kampspel, derfor var det desto større fokus på både teknikk og kondisjon i staden.
Les heile saka
Leiar i Surnadal Arbeidarparti, Lilly Gunn Nyheim, fortel at det var planlagt tradisjonelt 1. mai-arrangement i Surnadal, men koronakrisa sette ein stoppar for det. Laget hadde sikra seg AUF-leiar Ina Rangønes Libakk som hovudtalar. Koronakrisa sette altså ein stoppar for å få Libakk live, men ho vil likevel sende ei helsing til surndalingane i høve dagen, seier Nyheim, som promoterer Arbeidaranes dag saman med Odd Arild Sande. – Det vil skje på lagets facebookside.
Les heile saka