Det er slett ikkje kvar dag at det er bustadhus til sals i Todalen. No er imidlertid tida inne, og snart kjem Sissihaug (Gardsnr. 137 bruksnr 36) på sal. Huset er bygd i 1971, og ligg i Kvennsetøran bustadfelt på ei 1200 m2 stor tomt med adresse Myrjarvegen 1.
Les heile saka
Førstkommende laurdag kl 10 og utover blir det ryddedugnad i Toåa tursti. Siste etappe er no i oppstartsfasen og litt rydding i området bak gapahuken i Gunnøya må til før entreprenør Per Gjeldnes kjem for å planere stien fra Båthølen og nedover.
Les heile saka
«Dette er ein viktig og spennande dag for banken vår; – årets happening!» – slik omtalar banksjef Allan Troelsen næringslivsdagen som Surnadal Sparebank arrangerer for 17 gong torsdag 5. mars i Surnadal kulturhus. «Vi arrangerer dagen med ønske om at dagen skal vera til inspirasjon og glede for lokalsamfunnet.» Programmet viser at det blir ein dag med allsidig program med fokus på grønt skifte og berekraft.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 21.1. kl 1500. Det blir song og musikk, kåseri ved Svein Sæter, servering og loddsalg og triveleg samvær! Svein Sæter fortel for pensjonistlaget: Ottar overlevde alt – bla om og les kva Svein Sæter skriv om kåseriet….
Les heile saka
Det har vore stor fokus på ekstremvêret «Didrik» dei siste par dagane, og det vart spådd store øydeleggingar langs kystlinja – verst skulle det bli sør for Stadt, men også kraftig springflo i Møre og Romsdal. No er ekstremvêret over, før det har begynt her i bygda iallfall – springflo har det rett nok vore, men ikkje av den øydeleggjande sorten med store bølger i tillegg til høg flo. At det ble mindre ekstremt enn venta, har sin årsak i eit lågtrykk som kom nokre timar for tidleg.
Les heile saka
Spontan invitasjon på Todalen.no og uhøgtideleg morgonkaffe, eller kaffeslaberas om du heller vil. Møtestaden var Skulstuå, og på det meste var vi 10-12 personar rundt langbordet. Enkel traktering, der brødboksane og kaffekanna vart sendt rundt – og skravla gjekk i eitt og latteren satt lett. Triveleg selskap og all honnør til dei som tok initiativet og arrangerte morgonkaffe eller kanskje vi skal kalle det popup-cafe.
Les heile saka
Surnadal kino ryddar unna det meste av juleprogrammet og har nye premierar fredag – og det på to høgst ulike filmar. Den eine, BAD BOYS FOR LIFE, er truleg den siste actionkomedien i «Bad Boys-serien» med Will Smith og Martin Lawrence. Marcus (Lawrence) vil pensjonere seg, men må ta eit siste oppdrag da Mike (Smith) er utsett for livsfare. Aldersgrense: 15 år.
Les heile saka
Frank Spoon Botten og hans band Spoonman er ferdige i studio, og er klare for premieren som skal være i Surnadal kulturhus fredag 6. mars. Frank kjenner vi som lydmann både Todalshytta og i ungdomshuset, og no har han altså laga eit album heime i sitt Dreamfarm studio på Øyamoen i Surnadal – i lag med sine kompisar.
Les heile saka
Det meldes om fine skiforhold på Tjønnmyra. Ein skulle kanskje tru at det er bortimot bart, men set er det ikkje kan skigruppegeneral Gunnar Nordvik melde. -Det er harde fine spor med nysnø i, så folk må berre ta med seg skia og komme seg ut i bevegelse oppfordrar han.
Les heile saka
Opplæring i kampsport var ei kjærkoma avveksling for borna i gymsalen i kveld. Det var Anders Braaten Raaen som var instruktør, og denne kvelden vart det køyrt eit opplegg som var tilpassa alle alderstrinn. Dette var tydeleg vis noko som var populært og det det var mesta fulltallig deltaking på kveldens arrangement. Og jammen såg […]
Les heile saka
Venner av Skulstuå inviterer bygdafolket til ein kaffekopp onsdag morgon klokka 8.30. Det skjer naturleg vis i Skulstuå, og er ei fin anledning til å treffe kjentfolk i triveleg lag.
Les heile saka