Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kort informasjon etter statusmøte i dag

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. august 2020

I ei pressemelding skriv Surnadal kommune at vi enno har berre eitt påvist smittetilfelle, og at framleis arbeides  med smittesporing. Vaksenopplæring og integrering er stengt ut veka inntil vi har fått full oversikt. Personar som har vore  i nær kontakt med personar som no er i isolasjon blir kontakta for testing. Nærkontaktar følgjer karantenereglane. 

Skulle det bli påvist smitte går desse over i isolering. Kommuneoverlegen rosar alle involverte for godt samarbeid, også dei som er direkte berørte. Beredskap og kapasitet for handtering av smittesporing og iverksetting av smittevernrutinar i våre tenester, er god, seier Buan. Vi er ikkje overraska over at vi får påvist smitte etter ferien, også i Surnadal. Terskelen for å be om testing skal vere låg. Det er positivt at folk testar seg, slik at vi kan få avdekt muleg smitte og hindre oppblomstring. Framleis gjeld råd om godt smittevern for oss alle: å halde 1-meters avstand, ha god handhygiene og å halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Under pressekonferansen onsdag vil kommuneleiing og kommuneoverlege gje ei orientering, og svare på spørsmål kring smittesituasjon. Det gjeld såvel skulestart, som smitteverntiltak knytt til å oppretthalde gode og trygge kvardagar for alle, også i tida framover.

Publisert: 11. august 2020, 11:30