Kommuneoverlege Bjørn Buan har oppheva dei lokale karantenereglane som gjeld for Surnadal kommune med verknad frå og med 31. mars 2020. Frå no av er det kun dei nasjonale karantenereglane som gjeld. Kommuneoverlege presiserer at dei nasjonale karantenereglane gjeld uendra, og at personar som er underlagt dei nasjonale karantenebestemmelsane om reise utanlands eller mistanke om smitte/ nærkontakt, skal vidareføre karantenen i samsvar med dei reglane som gjeld og den informasjonen som er den enkelte har motteke.
Les heile saka
Skigruppa i T.I.L. reklamerer med nyoppkøyrte løyper på Tjønnmyra. Skiinteresserte kan gjera seg nytte av skiføret no på tampen av sesongen. Her er det rikeleg med tumleplass om du vil ta turen ut i friluft!
Laurdag hadde Matkroken besøk av ein butikktjuv av det profesjonelle slaget. Vedkomande var imidlertid attkjent og etterkvart avslørt, men vedkomande fekk nok med seg litt tobakksvarer før han storma ut av butikken, fortel handelsmann Nordvik. – Alt skjedde fort, men politiet vart kontakta, og det blir det nok oppretta sak på bakgrunn av det som skjedde, sier Ola Dalsegg ved Surnadal lensmannskontor.
Les heile saka
Sanitetsforeininga starta opp med Kløvertur i februar 2017, og sidan har dette vore fast aktivitet for mange trimmarar måndag føremiddag. Det er ei kvardagsglede å gå tur i lag, få frisk luft og mosjon. Etter 5 turar vinteren 2020 vart det altså stopp på grunn av koronaviruset som herjar over heile verda.
Les heile saka
Vi flyttar oss no frå Ansnesleigmålet og innover fjellet til Hallsetleigmålet med bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Her ligg setrene for Oppistua og Nestua på Hallset. Bernt Bøe skriv i Seterboka for Todalen at det har vore mykje flytting av setrene i Hallsetmarka.
Les heile saka
I disse koronatider er det ikkje heilt enkelt å leve av å være musiker. Når det ikkje kan arrangerast konsertar på vanleg måte så lyt musikarane finne nye måtar for å nå fram til sine publikum. Todalsvennen Terje Nordgarden bur heime på Vålerenga og han spelar sin første digitale konsert online frå bunkeren i bygget der han bur på Vålerenga. Bla videre og ta turen innom bunkeren i kveld 19…..
Les heile saka
Natt til søndag 29. mars er det på tide å stille klokka ein time fram til sommartid. Det skje kl 02, og da stiller du klokka ein time fram til klokka 3. Er du i tvil om klokka skal stilles fram eller tilbake, så er det ein grei regel å hugse på at ein alltid skal stille klokka mot sommaren – altså fram om våren og tilbake om hausten.
Les heile saka
På lik linje med mange andre lag og organisasjonar har Todalen Elveeigarlag utsett sitt årsmøte på ubestemt tid. Det er sjølvsagt situasjonen med risiko for spreiinga av koronavirus som er årsak til det, melder leiar Arbjørn Karlsen i elveeigarlaget. Karlsen fortel vidare at det sittande styret i elveeigarlaget av same grunn vil fortsette i sine funkjonar inntil vidare.
Les heile saka
Ein e-post frå Svein Åge Saksen frista oss til å minnast ein aprilkveld i 2005, da Oppdal Spellmannslag kom til Todalen og var med og arrangerte Oppdalskveld i Ungdomshuset. I e-posten frå Saksen var det med ei Mp4-fil med eit flott videoopptak der Oppdal Spellmannslag spelar «Drømmen om Kårvatn» som Trygve Ørsal (Trygve Myrvang) hadde komponert. – Det er viktig å ta vare på gode minner seier Saksen og vi plukka fram litt gamle minne fra tida før Todalen.no såg dagens lys. Bli med oss til april i 2005 og Oppdalskveld i Ungdomshuset.
Les heile saka
Den felles interkommunale legevakta for SIO-kommunene har flytta frå Orkdal sjukehus til nye lokale: Fra fredag 27. mars vil legevakten for kommunene i orkdalsregionen være lokalisert i tjenestesenteret på Orkanger. Tjenestesenteret finner du i Allfarveien på Bårdshaug, Orkanger.
Les heile saka
Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune. Vi er framleis i Fase 1 av pandemien. Fase 2 inntreff først når vi får påvist smitte som vi ikkje greier å oppspora kjelda til. Dei utvida testkriteria som er innført i Surnadal kommune vil gi oss eit betre utgangspunkt for framtidig smittekontroll. Det er naturleg nok mange som ringer korona-telefonen vår for å bli vurdert for testing. Vi er heilt i oppstarten med dette og vil ha effektive rutiner på plass over helga, slik at dei det gjeld kan bli testa og få ei avklaring raskast muleg.
Les heile saka
Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp har lange tradisjoner, og har foregått som et samarbeid med menighetene som har involvert og engasjert konfirmantene i innsamlingsarbeidet, som på en måte har blitt en del av konfirmantundervisningen. På grunn av «korona-krisen» er ikke dette mulig i år, og dermed må årets innsamling bli digital. Soknerådet er spent på hvordan dette vil virke, men poengterer at det er veldig enkelt og kan gjøres på flere måter.
Les heile saka