Styret i todalen.no har vedtatt at utsett årsmøte blir avholdt i Todalen Ungdomshus, onsdag 13. mai 2020, kl. 19-20. Her blir det i tråd med alle smittevernsreglar og dialog med kommuneoverlege Buan god avstand mellom dei frammøtte, antibac, inga servering og digital framvisning av alle dokument. -Eit årsmøte i Todalen.no har aldri samla meir enn 15 deltakarar, så gjennomføring vil gå både effektivt og i trygge rammer, forsikrer styreleiar Stig Husby.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 11- mai og tysdag 12. mai. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til dugnad på Todalen kyrkjegard tysdag 5. mai kl 18.00. Det er behov for å rydde vekk rusk og rask etter vinteren, og rette opp enkelte gravminne – og stelle rundt om kring på kyrkjegarden. Ta med reiskap til eigen bruk under dugnaden.
Les heile saka
Årsmøtet i T.I.L. vart utsett tidlegare i vår på grunn av koronakrisa. No når forholda etter kvar begynner å normalisere seg er det tid for å tenke årsmøte på nytt, og ny dato for møtet er sett til torsdag 4. juni kl 19:00 – i Todalen ungdomshus
Les heile saka
Så vart det endeleg «restart» av Kløverturen. Utruleg kjekt å kome i gang att; godt å møtast og kunne gå tur i lag!
Les heile saka
Stikk UT! -mer populært enn noen gang.
Vi merker helt klart en økning i turaktiviteten, og ser at svært mange stikker ut på tur. Åpningshelga har vært ekstrem til tross for varierende vær.
Les heile saka
Om våren er det mykje nytt liv ute i naturen – det gjeld både fuglar, dyr og bufe. Elg, hjort og rådyr treng ektra ro og fred for å føde nye kalvar, og det same treng fuglar som hekkar både i skogen og langs stranda eller langs vassdarg. Difor er det på tide å minne om bandtvangen som på denne tida er generell og gjeld alle.
Les heile saka
Her kjem nye bileter fra historielagets scannerpatrulje og denne gongen fra Kårvatnleigmålet. Kanskje ser du gamle kjente?
Les heile saka
Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for april. Hugs å send oss bidrag til dagens bilete om du har tatt eitt fint bilete i det siste, vi blir alltid glad for nye bidrag.
Les heile saka
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 4. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det ryk ut av pipa på Todalshytta, og dei nye drivarane vandrar fra rom til rom for å sjå på mulegheitene før årets sesong. For dei nye drivarane Stian og Arve Evensen har mange planer og ser verkeleg fram til å kunne åpne dørene offisielt 1. juni.
Les heile saka
Første maidagen starta med godver, og det var mange som tok ut på tur. Det vart ein pangstart for Stikk UT!-sesongen 2020.
Les heile saka