Vi har ei fint område for båthamn og badeplass i Sissigrenda. Der må alle hjelpe til og holde orden og rydde etter seg. Todalen Båtforening oppfordrar alle som har båttilhengar parker i området ved båthamna om å hente dei heim snarest mulig. Det er styret i båtforeninga som melder dette.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 22. juni. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
I dag åpner Vangshaugen Turisthytte, og da er alle de betjente hyttene til KNT åpne, skriver KNT i en pressemelding. På Vangshaugen er bestyrer Ingunn Talgø klar for en ny sesong. Hun har vært på hytta siden 2002. – Da som hjelp, men senere som bestyrer. «Det er det fineste på jord», sier hun om husene som hun har ansvaret for.
Les heile saka
Tysdag inviterer Todalshytta til første balldagen i år. Søndag føremiddag da vi stakk innom Todalshytta var planlegginga i full gang. Sjølvsagt var Åse Grydeland Øyen der for å bidra med sin spisskompetanse og lange erfaring. Åse var nemleg drivar av Todalshytta i 11 år, og treng nok ikkje å lese oppskrifta for å laga til ei fole med potetball. Denne søndags føremiddagen bruka Åse og Stian til å sette opp handleliste for tysdagens balldag
Les heile saka
Jammen går det mot mørkare tider igjen! Det skjer faktisk før Hønhalsen er gått av, og vi har fantastiske dagar med sydenstemning og temperaturar heilt opp på trettitalet. Laurdag kveld – 20. juni kl. 21:44 (UTC) «snudde» sola og dermed går ubønhøyrleg mot ein ny vinter etter kvart. Men først skal vi nyte sommaren og ferietida – som vi lenge har gledd oss til.
Les heile saka
Vi har rimeleg gode bevis på at laksen biter godt i sol og varme. Dei siste dagane har vore utfordrande for ein og kvar som må jobbe og stå på. Men vi kan ikkje klage, for det er vel akkurat slike dagar vi har drømt om å oppleve under sydens sol. I Toåa biter iallfall laksen godt, og i løpet av dei 6 første dagane i årets sesong er det kome på land tilsaman 20 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,4 kg og den totale fangsten er i skrivande stund kome opp i 108,7 kg.
Les heile saka
Fredag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden. Her møtte det effektive og dyktige karar med godt og høveleg reiskap så resultatet vart retteleg bra; ein velstelt kyrkjegard.
Les heile saka
Det tradisjonelle superlotteriet er i gang igjen – i dag var det loddsalg på butikken, og der treffer du folk i opningstida laurdag også. Det er mange fine gjevinstar – hovudgevinsten er en Admiral hagesofa til verdi 14.990 og eller er det både trådlaust headset og strandpakke – totalt er det gevinstar for nærare 18.000.
Les heile saka
I dag er siste skuledag for barneskulen og ungdomsskulen, og dermed siste dag med skulerute til Todalen denne våren. Dermed er det ogs siste dag som fast tilsett skulebussjåfør for Kristian Kjølstad. Dette vart markert i kaffekroken i dag tidleg, da Jorid H. Ansnes overrakte ein blomstebuett som ei helsing frå Matkroken Todalen.
Les heile saka
Vi treng litt hjelp til finpuss på kyrkjegarden i kveld – ta med deg kantkløppar og kom oppfordrar Ragnar Halle. I dag blir det plenkløpping av kyrkjegarden, og etterpå blir det finpuss rundt kyrkjegardsmusen og rundt gravminna. Han oppfordrar også eigarane av gravminna til å ta ansvar for å rydde egne gravsted.
I går kveld markerte 5. – 7. klasse skoleslutt, ferietid og nye utfordringar frå hausten av. Tradisjonell skuleavslutning var ersatta av ein enkel samankomst av elevar, lærarar og foreldre ute på skoleplassen i finværet.
Les heile saka
Det har vore godt fiske i Toåa sia starten på laksefisket natt til måndag. På laksebøresn er det i skrivande stund registrert 12 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,8 kg, og av desse er det 4 laksar over 7 kg, som dermed kan betegnast som storlaks. Men dramatikken i dag skjedde på Ramsøyvaldet…
Les heile saka