Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

FV 6145 tungbilberging på Nordvik – no er vegen open igjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. november 2020

Fylkesveg 6145 har vore stengt ved Bakkan (ca. 100 meter utafor forsamlingshuset) på Nordvik på grunn av tungbilberging. Det var ein semitrailer med element som har hamna i grøfta, og som no har vorte berga opp att. Det har difor vore ventetid for å kome forbi staden.
No er vegen opna igjen!
No i 20.30-tida torsdag kveld er vegen opna etter at det har pågått arbeid med bilberging på Nordvik. 

Publisert: 5. november 2020, 18:19