Fersk førerapport frå Skihytta og Tristeinan: Kjempefint føre med 10 cm nysnø og 2 kuldegrader! Det er i dag køyrt på spor frå Innerdalsmerket, via Talgøsetra og Tristeinan, vidare til Snekkardalshalsen og til Skihytta på Ørsalfjellet. Vidare er det køyrt på spor frå Øyalia og til Skihytta. Den tradisjonelle Kjerringdilten er imidlertid avlyst på grunn […]
Les heile saka
Vi brukar 7,5 mill. egg kvar dag, og er storforbrukarar av egg i påskedagane. – Det merkar vi godt, seier Maren Ansnes hos Pestua gard, for Prior har nærast henta egg etterkvart som hønene har vorpe den siste tida. Maren var i full jobb med pakking av egg da vi stakk innom, og ho var utstyrt med ansiktsmaske og godt påkledd der ho overvaka pakkeautomaten som skulle pakke 7500 egg som er dagens produksjon.
Les heile saka
Surnadal kommune har nokre faste tilskotsordningar for lag, og andre, som driv innafor kulturområdet. Desse har vore kunngjort før, men sia det er andre ting som, naturleg nok, har stole merksemda i det siste, kjem det ei påminning her:
Frist er 15. april for:
• støtte frå Kleivafondet
• framlegg på kandidatar til Kleivaprisen
Les heile saka
Midt inne i orgelet, mellom orgelpiper i alle størrelsar, stakk hodet på Espen Selbæk fram. Vi hadde nemleg høyrt rykte om at orgelreparasjon var i full gang i Todalen kyrkje. Orgelet har vore ute av drift på halvårsvis, og på siste gudstenesta vi var innom så var det organistvikar og pensjonist Bernt Bøe som satt og klimpra på eit piano. Det vart liksom ikkje det same som fyldig og klarstemt orgelmusikk, som vi har vore vant til.
Les heile saka
08.04.2020: Statusrapport – gradvis reopning av barnehagar og skule. Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Surnadal kommune. Regjeringa vidarefører alle tiltak fram til 20 april. Frå 20. april har regjeringa opna for ei gradvis normalisering i delar av samfunnet. Det er ei positiv nyheit at regjeringa no meiner det er grunnlag for å gi oss litt av kvardagen tilbake.
Les heile saka
På Talgø Møretre har det vore full fart og oppkjøring til ny sesong, sjølv om vi er midt i ei «koronatid», fortel marketingsjef Heid Snekvik til Todalen.no. – Vi tek sjølvsagt alle forsiktigheitsreglar for tilsette og kundar på største alvor og prøvar å ta godt vare på kvarandere. Talgø Marketing har laga ein flott film, som vi gjerne vil distribuere for å vise korleis det blir jobba og korleis verdiane og folket blir tekne vare på.
Les heile saka
Trine Engdal Storholt sitt bilete fint lys over Nordmarka vant månadens bilete for mars. Redaksjonen gratulerar og vil overbringa premie så snart som mogleg. Under finn du alle som var med i kåringa med fotograf. Ta gjerne noko fine bileter framover og send inn til oss
Les heile saka
Vi er no inne i det som blir kalla den stille veka. I år er det ikkje berre ettertanken som utgjer stillheita. Den stille veka har fått ei dobbel betydning ved at heile samfunnet er stille, dei normale aktivitetane inn mot påskehelga er avlyste i kampen mot koronaviruset. Dette er krevjande for kvar og ein av oss. Vi må finne oss i å leve med usikkerheit, vi veit ikkje korleis dette går. Vi veit ikkje når dette endar.
Les heile saka
Lars Kvendset har nytta påskdagane så langt til vedarbeid både til seg sjølv og andre. – Ein held seg varmen fleire gong av veden, skjemtar Lars som er god og svett av vedarbeid. Lars er snekkar til dageleg med i desse koronatider er det greit å ha litt vedarbeid og fylle på med.
Les heile saka
Todalen idrettslag med trimgruppa i spissen har alltid hatt arrangement i påsken som i år naturlegvis er avlyst. Men vi ønsker å seia god påske til alle som pleiar og delta på kjerringdilt og gudsteneste. Heldigvis bur vi tett på naturen og friluft som har døgnåpent,og har unike moglegheiter for å få trimma oss så lenge […]
Les heile saka
Todalen Bodybyggarlag er sjølvsagt hardt ramma av koronakrisa som herjar landet. Vanlegvis har dei aktivitetane sine enten på Hett& Svett eller på Tjønnmyran på måndagskveldar. I kveld hadde dei avslutning på vintersesongen, og det var planlagt tur til Talgøsetra etter den oppkøyrte traseen. Men slik gikk det ikkje, for løypa gikk ikkje forbi Talgøsetra.
Les heile saka
Skutergruppa i Todalen I.L. melder om oppkøyrte løype både via Kleivhaugan og Huslia til Talgøsetra og vidare opp til Tristeinan. På same måte er det påkøyrt spor opp Øyalia og vidare opp til Skihytta. Det rapporteres fønvind og varmegrader i fjellet, og det tærer nok på skiføret som er kram nysnø og «sygande» føre. Folk oppfordres til å være forsiktige og unngå rasfarlege områder.