Fredag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden. Her møtte det effektive og dyktige karar med godt og høveleg reiskap så resultatet vart retteleg bra; ein velstelt kyrkjegard.
Les heile saka
Fredag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden. Her møtte det effektive og dyktige karar med godt og høveleg reiskap så resultatet vart retteleg bra; ein velstelt kyrkjegard.
Les heile sakaDet tradisjonelle superlotteriet er i gang igjen – i dag var det loddsalg på butikken, og der treffer du folk i opningstida laurdag også. Det er mange fine gjevinstar – hovudgevinsten er en Admiral hagesofa til verdi 14.990 og eller er det både trådlaust headset og strandpakke – totalt er det gevinstar for nærare 18.000.
Les heile sakaI dag er siste skuledag for barneskulen og ungdomsskulen, og dermed siste dag med skulerute til Todalen denne våren. Dermed er det ogs siste dag som fast tilsett skulebussjåfør for Kristian Kjølstad. Dette vart markert i kaffekroken i dag tidleg, da Jorid H. Ansnes overrakte ein blomstebuett som ei helsing frå Matkroken Todalen.
Les heile sakaVi treng litt hjelp til finpuss på kyrkjegarden i kveld – ta med deg kantkløppar og kom oppfordrar Ragnar Halle. I dag blir det plenkløpping av kyrkjegarden, og etterpå blir det finpuss rundt kyrkjegardsmusen og rundt gravminna. Han oppfordrar også eigarane av gravminna til å ta ansvar for å rydde egne gravsted.
I går kveld markerte 5. – 7. klasse skoleslutt, ferietid og nye utfordringar frå hausten av. Tradisjonell skuleavslutning var ersatta av ein enkel samankomst av elevar, lærarar og foreldre ute på skoleplassen i finværet.
Les heile sakaDet har vore godt fiske i Toåa sia starten på laksefisket natt til måndag. På laksebøresn er det i skrivande stund registrert 12 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,8 kg, og av desse er det 4 laksar over 7 kg, som dermed kan betegnast som storlaks. Men dramatikken i dag skjedde på Ramsøyvaldet…
Les heile sakaVi klager ikke på varmen! Måtte gud forby! Men i gapahuken var det godt å sitte! Stor og romslig og med skyggeplass til alle. Vandringa ble ikke av de lengste, men hva gjør vel det når trivelig folk møtes, og kan skravle i veg om stort og smått. Om det som er fint og hyggelig, men også om livet når det røyner på. Da er det godt om noen kan låne øre – vi trenger hverandre!
Les heile sakaStyret i Todalen.no etterlyste på etterjulsvinteren fleire bidragsytarar til å oppretthalde Todalen.no som nyhetskanal for lesarane sine. I kveld inviterte dei derfor til rekrutteringsmøte del 2 som ga full utteljing med heile tre nye navn på blokka; Guro Redalen, Bjørn Gunnar Ansnes og Stig Husby. Og med nymotens teknologi, vart møtet gjort med Guro på Teams, frå det som vart det nye distriktskontoret på Sagene i Oslo.
Les heile sakaSurnadal kulturhus er no opna igjen på dagtid og det fører også til at biblioteket kan gi eit betre tilbod. Opningstida for biblioteket er avgrensa til kl.13–15 (måndag–fredag), men det går an å bestille «time» om det passar betre å kome mellom kl. 10 og 12. Send i tilfelle e-post eller ring (tlf. 476 80 797).
Les heile sakaTysdag var Nathan Lediard på fotooppdrag på Kårvatn – da var Nauståfossen på sitt aller flottaste. Nathan nytta sjølsagt dette høvet til å få drona i lufta, og gjorde ei rekke fine opptak av Naustafossen for Kårvatn Fjellustyr.
Les heile sakaPensjonistlagets Fjellgruppe har vore på tur til Trodalen i dag. – I det overlag fine veret var det totalt 29 som deltok. Lang og interessant tur fra fjøra etter den gamle stien/vegen opp gjennom skogen fram til garden – fossen var på sitt beste , skriv Kristian Ranes
Les heile sakaI dag klokken 19 inviteres det til nytt infomøte for aktuelle kandidater som vil være med å bidra med tekst, bilder og litt redaksjonelt arbeid her på Todalen.no. Styret håper derfor at fleire har lyst til å komme og få ei lita innføring i kva den enkelte kan bidra med utifrå eigen kunnskap og muligheit.
Les heile saka