Nordvik grendalag har i år eit variert påskeprogram, som består av påskebasar i forsamlingshuset tysdag 15. april klokka 17:30. Det tradisjonelle seterrettet på Nordviksetra går føre seg torsdag 17. april frå klokka 12:00 og på kvelden er det afterski med påskequiz i forsamlingshuset klokka 19:30.
Les heile saka
Takk for støtta til årets «fasteaksjon»! Takk også til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som gjorde ein stor innsats for årets «fasteaksjon» tysdag 8. april, seier Gro Hauge Venås, på vegne av Kirkens Nødhjelp og årets «fasteaksjon»
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer til «Påskequiz» i Todalen ungdomshus onsdag 16. april (onsdag før skjertorsdag) frå klokka 19:00. «Påskequzen» tek til klokka 20:00. Fine premiar til dei to beste laga. Det blir sal av brus, øl og snacks.
Les heile saka
I ein månads tid har Anna Kashtyper jobba på Matkroken Todalen som eit ledd i prosessen med å trene i å snakke norsk. Anna har nemleg gått på norskopplæring i vinter, og no gjeld det å få trening i å bruke språket. Anna tykkjer at språket er litt vanskeleg, for ho må forhalde seg til bokmål i norskopplæringa på skulen, medan kundane oftast brukar dialekt.
Les heile saka
Faktura for medlemskontingenten for 2025 i Todalen Idrettslag vart sendt ut i februar med forfall i starten av mars. Det er fortsatt mange fakturaer som ikkje er betalt, og idrettslaget har akkurat no sendt ut purringar på kontingenten for 2025. Medlemskontingenten er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte, fordi medlemstalet er grunnlaget for utrekningar ved tildelingar av ulike offentlege tilskot,
Les heile saka
Sol frå skyfri himmel både siste måndagen i mars og den første måndagen i april, og det vart fine turdagar.
Les heile saka
Tysdag 8. april frå klokka 17:00 vil årets konfirmantar og representantar frå Todalen Sokneråd besøke alle husstandane i Todalen, for å samle inn pengar til årets utgåve av Kirkens Nødhjelp sin «fasteaksjon».
Les heile saka
Fredag 11. april frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til påskeutsal i sitt heilt nye bakeriutsal. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen i påska.
Les heile saka
Før vi legg mars heilt bak oss og velger oss april, må vi kåre det beste innsendte bidraget til dagens bilete. Klikk deg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. april.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterte til strikkekaffe første laurdagen i april, riktig så triveleg og kjekk ettermiddag.
Les heile saka
Laurdag var det til tider vanskeleg å finne ledig plass på parkeringsplassen framfor butikken til Hageland og Byggmakker på Syltøran. Handledagen med samarbeid med lokalprodusentane var ein formiddabel suksess som trekte folk frå både fjern og nær. Hageland ligg no i startgropa for ein ny sesong, og både blomster, busker, trær og planter er på veg inn, og utvalet blir større dag for dag fram mot våren.
Les heile saka