Torsdag 15.oktober klokka 19:00 – 20:30 inviterer Kyrkja i Surnadal til Fellesskapskveld i 1.etasjen på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Det blir enkel servering og sosialt samvær etter at kveldens program er ferdig.
Les heile saka
Torsdag 15.oktober klokka 19:00 – 20:30 inviterer Kyrkja i Surnadal til Fellesskapskveld i 1.etasjen på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Det blir enkel servering og sosialt samvær etter at kveldens program er ferdig.
Les heile sakaEtter ein lang pause på grunn av koronavirusets «herjing» var Senioruniversitetet attende med samling i kulturhuset for både medlemar og andre sist torsdag. På programmet stod songmøte, med gamle revyviser som tema. Det er nok eit veldig aktuelt tema ettersom det no blir arbeidd med å samle gamle revyviser mellom to permar. Gamle revyveteranar legg ned ein stor jobb for å få dette på plass, og det vart signalisert at dei skal være i mål i neste år – kanskje til Vårsøghelga eller kanskje til neste haust, fortalte Eivind Holte som orienterte om stoda for dette arbeidet.
Les heile sakaFørstkomande laurdag opptrer duoen Franklind (Linda og Frank sPoon Botten) på Øra Kafe på Sunndalsøra. Det heile tek til klokka 21:00 og er ferdig slik at alle som tek turen skal ha god tid til å nå siste ferga på Rykkjem. Linda og Frank kjem frå Surnadal. Linda, er som mange av oss kjenner til, «halv» todaling, då mor hennar har vokse opp på Sandstad.
Les heile sakaDet går så det «susar» på Surnadal kino fortida med fulle hus, opplyser Steinar Hasselø frå kinoen. Dette gjer at dei fredag 9.oktober kl. 13:00 og søndag 11.oktober kl. 14:00 har vald å sette opp ekstraframsyningar av den populære animasjonsfilmen Knutsen og Ludviksen – Det store dyret.
Les heile sakaMed eit fint portrett bilete av Nils vant Helge Brokstad månadens bilete for september. Vi gratulerer til både mannen frammom og attom kameraet. Mailboksen vår har stor kapasitet for å tak imot nye bidrag til dagens bilete
Les heile sakaSom vi tidlegare har omtala her på Todalen.no, så blir det frå og med måndag 12.oktober ein forsiktig gjenopning av Hett og Svett. På fredag 9.oktober mellom klokka 17:00 – 17:30 vil personell frå Todalen Idrettslag vere på Hett og Svett for å dele ut nøkkelkort for den som er interessert.
Les heile sakaTirsdag 6.oktober arrangerte fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Skåkleiva i Rindal. Vi var 19 stk. Det var sterk! vind fra øst, men sola skein så forholdene var egentlig gode. De færreste av oss hadde vært der før, så dette var absolutt en kjekk opplevelse.
Les heile sakaInformasjon frå Surnadal kommune:
Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening takkar for stor givarglede og god støtte i samband med VIPPSBASAREN. «Vi er både audmjuke og takknemlege for den gode oppslutninga om haustbasaren vår,» seier leiar Maren Ansnes.
Les heile sakaFørste måndagen i oktober kom med godt ver, og ein skokk med ivrige turgåarar møttest ved Halsbua for å gå Kløvertur. Dette viser at Toåa tursti er eit populært turmål, og at denne turruta høver for alle.
Les heile sakaI samband med oppgradering av straumforsyninga og det elektriske anlegget i butikken blir vi nødd til å halde stengt tysdag ettermiddag frå kl 13.00. Deler av elanlegget er frå den tida da butikken opna på 80-talet og vi er no pålagt å skifte ut deler av anlegget med tanke på driftssikkerheit og for å få eit meir moderne utstyr med bl.a. automatsikringar i heile anlegget. Stengninga gjeld både butikken og drivstoffanlegget.
Les heile sakaSist fredag var det full utrykking for alle naudetatar da det kom melding om brann på Talgø gard. Brann er det store marerittet som vi alle er redde for og som vi fryktar skal skje med oss – fredag skjedde det altså på Talgø gard. På Talgø gard var det ingen heime og det var det heller ikkje hos naboen, så det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga og meldte brannen, fortel Anita Talgø som eig garden og som bur der. I tillegg budde det 2-3 leigebuarar i Gammelstua – dei var på jobb på Talgø MøreTre da brannen starta.
Les heile saka