Enten i gårnatt eller ein av dei siste dagane er det gjort hærverk vår fotballbanen på Bordholmen, fortel Lars Stensby som er leiar for banekomiteen. Nokon har kjørt med bil utpå banen og påført stor skade på grasdekket. Det må ha skjedd ein av dei siste dagane eller aller helst i gårnatt, trur Lars som er skikkeleg frustrer for det som har skjedd.
Les heile saka
Runa, Mari og Bjørn gjorde susen da Todalen sokneråd inviterte til songkveld i Todalen kyrkje fredag kveld. Det var tidlegare organist Bjørn Vevang som sammen med forsangarane/solistane Runa Svare og Mari Kristine Brekken sørga for stemninga. Vi som var der kjem til å hugse denne songkvelden som ein triveleg og varm allsongkveld med mange gode historier og mykje latter.
Les heile saka
Todalen Idrettslag skal frese bort stubbane som står att etter bjørkene som stod på yttersida av fotballbanen på Bordholmen. I samband med dette kjem firmaet Varnes Drift frå Midsund på synfaring i morgon, laurdag 31.oktober.
Les heile saka
Kvar torsdag siden skulestarten 17.qugust har 1. – 4. årstrinn ved Todalen oppvekstsenter hatt «uteskule». Torsdag var ikkje noko unntak i så måte, og i dag starta skuledagen med besøk på Matkroken Todalen for å overrekke teikningar elevane hadde teikna som ein takk til Terje Nordvik og dei tilsette på Matkroken for refleks og matboksar dei hadde fått, og for å vise at dei er glad i nærbutikken sin!
Les heile saka
Dei siste åra har alle ungane i Todalen vore invitert til felles halloween-feiring i gymsalen på Todalen skule. På grunn av Koronasituasjonen ser arrangørane ikkje anna råd enn å avlyse årets arrangement.
Les heile saka
Fredag 30.oktober klokka 19:00 blir det songkveld med organist Bjørn Vevang og solistane Mari Kristine Brækken og Runa Svare i Todalen kyrkje. Prest Kristin Strand vil delta med lesing. Arrangør er Todalen sokneråd.
Les heile saka
Kommuneoverlege Bjørn Buan møtte ei lydhør forsamling i Ungdomshuset måndag kveld. Han kunne slå fast at akkurat no er det kontroll på smittesituasjonen i Surnadal, men koronasmitta kjem plutseleg og uventa, og alle smitteutbrot er ulike. Det absolutt viktigaste og tryggaste er å halde god avstand i sosiale situasjonar. Så pass på meteren!
Les heile saka
Torsdag kveld inviterer Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal til «Handledag» med utvida opningstid til kl 20 om kvelden. Det har nærast vore tradisjon med «damenes aften» på denne tida, med coronasituasjonen har gjort det naudsynt å tone dette ned til å arrangere ein handledag. Årets handledag omfattar både Byggmakker og Hageland Surnadal som altså begge har langope denne kvelden.
Les heile saka
Siste måndagen i oktober vart ein finversdag med sol og god temperatur. Fjella rundt oss er høge, sola er låg og skuggane lange, så ein lyt nyte dei siste soltimane. Dei tretten turgåarane fekk ein god og triveleg runde i Toåa tursti måndag 26. oktober.
Les heile saka
Torsdag 12.november klokka 13:00 kjem overlege i anestesi ved Sykehuset Østfold til Indre Nordmøre Senioruniversitet og held foredrag, eit foredrag han har kalla Smertesansen er både vår venn og vår fiende». Audun Aas har hatt smertebehandling som spesialinteresse sidan 1991, og gav i 2018 ut boka «Smerteboken – Fra vondt til bedre». Dette er ei bok som samanfattar moderne kunnskap om og forståing av fenomenet smerte, retta mot lesarar utan helsefagleg bakgrunn.
Les heile saka
Det er påvist eit nytt smittetilfelle med covid-19 i Surnadal kommune, skriv kommuneoverlege Bjørn Buan i ei pressemelding som er sendt ut i dag.
Les heile saka
Har du betalt medlemskontingenten for 2020?
Todalen historielag fortel at årsskriftet for 2020 for lengst er sendt i trykken, og at det blir bokslepp i Ungdomshuset søndag 15. november. For medlemmer i historielaget er eitt årsskrift inkludert i medlemskapen.
Les heile saka