Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tankelaust hærverk på fotballbanen på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. oktober 2020

Enten i gårnatt eller ein av dei siste dagane er det gjort hærverk vår fotballbanen på Bordholmen, fortel Lars Stensby som er leiar for banekomiteen.  Nokon har kjørt med bil utpå banen og påført stor skade på grasdekket. Det må ha skjedd ein av dei siste dagane eller aller helst i gårnatt, trur Lars som er skikkeleg frustrer for det som har skjedd. 

Det er skuffende at slike ting skjer på anlegg som stilles til disposisjon for allmenheita – dette må få eit etterspel, sier Lars.

Klart at slike ting skaper skikkeleg frustrasjon, når banekomiteen og medlemane legg ned mykje dugnadsarbeid for å halde anlegget i god stand.  – Vi held på seint og tidleg for å ordne anlegget og tek slike rampestreker veldig tungt.  Meld frå til Lars Stensby dersom du har sett eller høyrt noko om det som har foregått på Bordholmen, for dette må heilt klart få eit etterspel, det er Lars tydeleg på. 

Det er djupe grufser i grasmatta. Har du sett eller høyrt noko til aktivitetane på Bordholmen, så ta kontakt – enten med Lars Stensby eller med politiet. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. oktober 2020, 11:48