Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stubbfresing på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. oktober 2020

Todalen Idrettslag skal frese bort stubbane som står att etter bjørkene som stod på yttersida av fotballbanen på Bordholmen. I samband med dette kjem firmaet Varnes Drift frå Midsund på synfaring i morgon, laurdag 31.oktober. 

Idrettslaget har teke kontakt med Varnes Drift for å få frest vekk stubbane, og på ettermiddagen i dag fekk dei beskjed om at dei kjem på synfaring allereie på laurdag, så dette kom litt brått på, Men stubbane må bort for å frigjere arealet til andre føremål. Så dersom Idrettslaget og Varnes Drift blir samde om prisen for arbeidet så vil dette bli gjort allereie i haust. 

Varnes Drift er interessert i fleire oppdrag i området når dei først tek turen hit, så om nokon har ein stubbe eller fleire som dei vil ha fjerna, så kan dei, så snart som råd, ta kontakt med Varnes Drift på telefon: 977 25 515 eller kontakte dei via heimesida deira: Varnes Drift for gratis synfaring og tilbod. 

 

Publisert: 30. oktober 2020, 21:37