Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SuSu med spørreundersøkelse – Tiltak i koronatider

Lagt ut av Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2020

I regi av SuSu-programmet har det denne uka (uke 14) vært gjennomført en spørreundersøkelse blant gründere, bedrifter og virksomheter i Sunndal og Surnadal, med mål om framskaffe et kunnskapsgrunnlag for å kunne bidra med tiltak i en krevende tid for lokalt næringsliv. Undersøkelsen viser at det er en krevende situasjon for mange bedrifter. Per 3.april var 653 personer permittert fra bedrifter i Sunndal og Surnadal. Kun et fåtall av bedriftene har imidlertid gjennomført oppsigelser så langt. Situasjonen er særlig krevende innen reiseliv og handel. Tallene for bedriftene i SuSu-kommunene er noe lavere enn gjennomsnittet på landsbasis.

Les heile saka

Ny faktura for personlege medlemmer på veg

Elinor Bolme Fredag 3. april 2020

No er fakturaene for personleg medlemskap her på todalen.no pakka og klare for utsending. Også i år i papirversjon, noko som er litt gamaldags i desse digitale tider. Vi ønsker derfor å tilby å sende ut DIN faktura digitalt, om du sender oss di epostadresse på red@todalen.no eller via vårt kontaktskjema

Les heile saka

Rute 46 – Ferja innstilt på grunn av dårleg vêr

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2020

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet blir innstilt resten av kvelden grunna dårleg vêr. Planlegg for vanleg drift i morgon 03.04., skriv Fjord1 i ei melding no i kveld. 



Tekniske problem på rute 46: Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2020

Fjord1 meldte kl 12.27  at sambandet blir innstilt inntil videre på grunn av tekniske problemer. – Melder nå om normal drift fra avgang 13:00 fra Kvanne.


Påvist korona-smitte i Surnadal kommune

Elinor Bolme Onsdag 1. april 2020

01.04.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune Det er no påvist korona-smitte i Surnadal kommune. -Vi har fått påvist begrensa smittetilfelle i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.

Les heile saka

Nok snø og regn – no treng vi betre vårvêr

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2020

Det er travle dagar på Hageland i Surnadal.  Hagemøblane er forlengst på plass i butikken, og no gjer busker og planter sitt inntog i butikken.  Det meste må være på plass når vårsesongen startar den 2. april, sjølv om snøbygane går rundt novene på butikken på Syltøran.

Les heile saka

31.03.2020 Statusoppdatering: Kommuneoverlegen opphevar lokale karantenebestemmelsar

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2020

Kommuneoverlege Bjørn Buan har oppheva dei lokale karantenereglane som gjeld for Surnadal kommune med verknad frå og med 31. mars 2020. Frå no av er det kun dei nasjonale karantenereglane som gjeld.  Kommuneoverlege presiserer at dei nasjonale karantenereglane gjeld uendra, og at personar som er underlagt dei nasjonale karantenebestemmelsane om reise utanlands eller mistanke om smitte/ nærkontakt, skal vidareføre karantenen i samsvar med dei reglane som gjeld og den informasjonen som er den enkelte har motteke. 

Les heile saka

Nyoppkøyrte løyper på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2020

Skigruppa i T.I.L. reklamerer med nyoppkøyrte løyper på Tjønnmyra. Skiinteresserte kan gjera seg nytte av skiføret no på tampen av sesongen. Her er det rikeleg med tumleplass om du vil ta turen ut i friluft!


Besøk av butikktjuv av det profesjonelle slaget

Jon Olav Ørsal Måndag 30. mars 2020

Laurdag hadde Matkroken besøk av ein butikktjuv av det profesjonelle slaget. Vedkomande var imidlertid attkjent og etterkvart avslørt, men vedkomande fekk nok med seg litt tobakksvarer før han storma ut av butikken, fortel handelsmann Nordvik. – Alt skjedde fort, men politiet vart kontakta, og det blir det nok oppretta sak på bakgrunn av det som skjedde, sier Ola Dalsegg ved Surnadal lensmannskontor.

Les heile saka

Mimretid: Kløverturar vinteren 2017

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. mars 2020

Sanitetsforeininga starta opp med Kløvertur i februar 2017, og sidan har dette vore fast aktivitet for mange trimmarar måndag føremiddag. Det er ei kvardagsglede å gå tur i lag, få frisk luft og mosjon. Etter 5 turar vinteren 2020 vart det altså stopp på grunn av koronaviruset som herjar over heile verda.  

Les heile saka

Hallsetleigmålet fra historielaget

Ingri og Ragnhild i Scannarpatrulja Sundag 29. mars 2020

Vi flyttar oss no frå Ansnesleigmålet og innover fjellet til Hallsetleigmålet med bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Her ligg setrene for Oppistua og Nestua på Hallset. Bernt Bøe skriv i Seterboka for Todalen at det har vore mykje flytting av setrene i Hallsetmarka.

Les heile saka