I går tok fjellgruppa turen ut av fylket då dei tok turen til Heim kommune der turmålet var Møkkelfjellet. For ei veke sidan var det berre nokre få som hadde høyrt om Møkkelfjellet, så i går var det Møkkelfjellet som gav mål og meining i deira ferd!
Les heile saka
I ettermiddag tok medlemmane i Start 4H ein medlemstur til Svinviks arboret. Når dei kom til arboretet fekk dei ei historisk orientering om Svinviks arboret og grunnleggjarane Halvor og Anne Svinvik. Så vart gjengen guida inn i drivhuset, der dei fekk sjå planter arboretet dyrkar der. Etterpå vart det ein tur rundt om i […]
Les heile saka
Nikolai Søyset Hopland (16), son av Anne Søyset frå Heimstad, har vore på landslagssamling med Norge sitt G17 lag. Han har så langt i sesongen starta alle kampane (4) for Aalesunds Fotballklubb (AaFK) i OBOS-ligaen. På toppen av det heile har supporterane til AaFK kåra han til månadens spelar i mai, noko Nikolai sjølvsagt sette stor pris på.
Les heile saka
I ei melding frå Surnadal bibliotek som tikka inn no i ettermiddag, får vi informasjon om opningstidene og kva tilbod biblioteket kan lokke med gjennom sommaren.
Les heile saka
Starten av juni har etter kvart vorte tida for førsteslotten. Etter ein lang «tørkeperiode», fram til helga, var fleire av bøndene spente på korleis resultatet av førsteslotten ville bli i år. Ser ein på talet rundballar som så langt er ferdigballa, så ser resultatet ut til å bli omlag som normalt. Det har etter kvart […]
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til tur torsdag 10. juni. Turen går frå Sunna og opp mot Rindal sentrum.
Les heile saka
Sommaren er endeleg komme, både på kalenderen og i vêret. Det betyr også at vi skal stemme fram vinnaren av månadens bilete for mai.
Les heile saka
Sol, mild bris og akkurat passe heitt; ein riktig fin dag for kløvertur. Tur i nærområdet, men likevel nye plassar å utforske.
Les heile saka
Onsdag 9.juni klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til friidrett på Bordholmen stadion. Det blir lengdehopp med tilløp, stille lengde, kast av liten ball, 60-meter springing og 400-meter springing.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
Les heile saka
Onsdag 9.juni inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til loppemarked på Bordholmen frå klokka 19:00 – 20:00. Sidan det ikkje skal vere loppemarked under Todalsdagen i år, så inviterer Trimgruppa istaden til loppemarked onstag 9.juni. Det er «loppene» som er at frå dei tidlegare åra som no blir selt, så her er det mogleg å gjere eit «røvarkjøp».
Les heile saka
I går tok Søya/Todalen sitt J10 lag turen til Kristiansund for å spele to seriekampar på same dag. Første kamp var mot Frei, medan kamp nummer to var mot Nordlandet.
Les heile saka