Torsdag 3.juni klokka 18:00 er det duka for årets første fotballkamp på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen G9 mot Surnadal G9, med andre ord eit klassisk lokaloppgjer!
Les heile saka
Torsdag 3.juni klokka 18:00 er det duka for årets første fotballkamp på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen G9 mot Surnadal G9, med andre ord eit klassisk lokaloppgjer!
Les heile sakaNo, og nokre dagar framover er blomstringa på topp i arboretet. Den siste tida har det vore massiv rododendronblomstring, men no er også fruktblomstringa i full flor. Etter at ein lang kaldperiode forsinka blomstringa tidlegare i vår, så har det varme og fine sommarvêreet sett full fart på blomstringa no. Blomstringa i frukthagen har nærast eksplodert fortel Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagansvarleg for Svinviks arboret.
Les heile sakaStart 4H nytta høvet til å ta ein overnattingstur til Gjengstøa i finvêret frå fredag til laurdag. Nokre av medlemmane tok like godt to netter og overnatta heilt til søndag. Medlemmane møtte opp i småbåthamna, og sykla eller køyrde båt frå derifrå og utover til Gjengstøa fredag ettermiddag. Der overnatte dei til i dag. I […]
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 31.mai. Oppmøte ved Hals og start derifrå ca. kl. 11:00.
Les heile sakaVi har i dag fått flotte fjellbilder frå Erik Kårvatn og Kristoffer Nordvik. Saman med venner frå Trondheim Randoneeklubb har dei vore på ein tur som ingen har gjort makan til i Todalsfjella. Med start frå Todalsøra gikk turen til Litjfjellet, Rambjøra, Vassnebba, Blåfjellet, Snøfjellet og gikk til slutt «i mål» på toppen av Skjeringfjellet. Dette er ein tur som tok 10 timar, og var litt av ei oppleving for dei som deltok.
Les heile sakaKleivaprisen har vore utdelt sidan 1998, alltid på Kleivakvelden! Men i fjor vart den ubrotne rekka med å dele ut prisen her oppe på Kleivakongen sitt sete, brote. Da vart prisen delt ut ein annan stad i Vårsøglandet. Da måtte Kleivakveld inn i Storstua på kulturhuset. Det var riktig nok i starten av pandemien, men hovudårsaka til at Kleivakvelden vart flytta inn var at; her vi sit i sola i dag – låg det tjukt med snø i fjor, slik er livet!
Les heile sakaTodalen historielag har gjennomført nok ei suksessfull kulturvandring. Historielaget jobbar i medvind, og har klart å skape ein stor interesse for lokalhistorie i bygdasamfunnet. Det lokale historielaget har mesta fleire medlemar enn det er innbyggarar i Todalen, og det viser vel at den lokale historia har interesse langt ut over bygdas grenser. – I dag gikk den årlege kulturvandringa til øvre Brusetgrenda – frå Bruset og oppover til Brusetnesset og hengebrua.
Les heile sakaDa er første runde med kantslått igang, og skilt på kvennset viste at du kan forvente å treffe kantslåttmaskina som er på runde rundt bygda. Det har nok vore gode vekstvilkår for både gras og løvetann, så det er nok greit at kantslåtten blir unnagjort før frøsetting. Vi trefte traktoren på veg nedover Bønnavollan, og […]
Les heile sakaPå måndag 31.mai klokka 10:30 blir det lansering av el-sykkelutleie i Todalen. Dette er delprosjekt av prosjektet Innfallsport Trollheimen, der Todalen er valt til Surnadal kommune sin innfallsport. Det er kjøpt inn fem el-syklar som skal leigast ut til turistar og andre som ønsker å ta seg ein sykkeltur for å få sjå den vakre dalen vår. Det er Todalen Grendalag som står for drifta av syklane.
Les heile sakaI helga er det «Vårsøghelg» med eit rikhaldig program, der «Kleivakvelden» laurdag klokka 18:00 er hovudarrangementet. Under blir og «Kleivaprisen 2021» delt ut. Programmet for «Vårsøghelga» finn du nedanfor. For å kjøpe billettar til dei ulike arrangementa trykker du på lenka: surnadal-kulturhus.no. Ein del av arrangementa er allereie utselt, så her er det ikkje mogleg å få kjøpt billettar.
Les heile sakaTorsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjorden for å spele seriekamp mot Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion.
Les heile sakaDet er Wenche Kvendset som har sendt oss bilder frå tur til Haltbakkan som Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag arrangerte torsdag. Ho skriv at det var ein tur med triveleg folk, fint vêr og nydeleg natur, og gjengen har kosa seg på turen som var avslutta med kaffepause i og ved gapahuken i sjøkanten.
Les heile saka