Torsdag morgon brakar årets store haustsalg i gang på Låvå på Kårvatn. I ein e-post fortel Gudmund at «vii har rydda plass til nyheiter for vinteren, og da blir det frøktele mykje fint til gode prisar.
Les heile saka
Torsdag morgon brakar årets store haustsalg i gang på Låvå på Kårvatn. I ein e-post fortel Gudmund at «vii har rydda plass til nyheiter for vinteren, og da blir det frøktele mykje fint til gode prisar.
Les heile sakaEtter fleire år med måretta arbeid vart endeleg Talgø MøreTre endeleg tilselt sertifikatet som viser at bedrifta har passert den milepælen det er å bli Miljøfyrtårn. Ei gruppe på Møretre har jobba spesielt med dette som mål og onsdag var det til for å feire saman med ordførar Margrete Svinvik og miljøvernkonsulent Bodil Gjeldnes som troppa opp med ordførarkjede og med romkake til kaffen etter utdelinga av sertifikatet.
Les heile sakaNikolai S. Hopland, med røter frå Heimstad i Hallsetgrenda, er i desse dagar med på det norske U17-landslaget i fotball, som akkurat no spelar turnering i Sverige. I første kampen mot Belgia (seier på straffar) var han til og med kaptein for laget. Andre kampen, mot Danmark, vart og vunnen på straffar.
Les heile sakaOnsdag morgon var ei gruppe AP-politikearar på snarvisitt på MøreTre for å få info om stoda for den mykje omtala royalsaka som har versert dei sista halvanna åra. Gruppa var nok på valkampturne i området og fatta altså interesse for denne viktige saka mange kan bli berørt av. Det var konsernsjef Terje Talgø som orienterte […]
Les heile sakaHer kjem avstemming av månadens bilete for august, mang ett fint bilete med god sommar stemning. Hjelp oss med å kåra ein vinnar. Du kan stemma fram til torsdag kveld.
Les heile sakaElinor Bolme, leiar i valstyret i Todalen krins, fortel at stemmelokalet i Todalen for årets Stortingsval er lokalisert i lokala til Todalen barnehage. Stemmelokalet opnar dørene klokka 12:00 og har ope fram til klokka 20:00 måndag den 13.september. Stemmelokalet vil vere godt merka, så det skal ikkje vere noko problem å finne fram, sjølv om stemmelokalet, i år, er lokalisert på ein ny stad!
Les heile sakaI går vart det endeleg tur til Åsbøsnyta for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sist dei skulle på tur dit, spela ikkje vêrgudane på lag med dei, og lenge såg det ut til at dei ikkje skulle gjere det denne gongen heller, men vêret letta såpass at dei 14 deltakarane bestemte seg for å ta turen, noko dei ikkje angra på.
Les heile saka4.-12. september blir «Friluftslivets uke» markert med arrangement over heile landet. I Surnadal inviterer Todalen idrettslag i samarbeid med kommunen til friluftstreff for store og små ved gapahuken på Tjønnmyran onsdag 8. september kl. 18.00. Det er meldt dårleg vêr, men det blir arrangement uansett, så ta med regntette klede og vanntette sko/støvlar.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Regjeringa, via NTB, blir det opplyst at Trollheimen landskapsverneområde er foreslått omgjort frå landskapsverneområde til nasjonalpark. Det er Miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V) som er ansvarleg statsråd for nasjonalparkane som opplyser dette til NTB.
Les heile sakaUnder slåttaarbeid på Reitan vart det funne ein daud elg i ekkerkanten. Det ser ut til å være eit ungt dyr som har har sjølvdauda ganske nyleg, og elgen ser ikkje ut til å være skadd på nokon måte.
Les heile sakaDagens kløvertur var den 4. denne haustsesongen, og alle fire turane har gått i godt ver sjølv om det har vore utruleg mange regnversdagar denne perioden. Heldige med veret så langt altså!
Les heile sakaTorsdag 9. september er det tur til kvenndalen som står på programmet for stavganggruppa i Surnadak Pnesjonistlag. Det er oppmøte attmed bommen ved Kvennbø for samkjøring derifrå. Oppmøte til vanleg tid kl 11:00, melder stavganggruppa.