Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Balleik inne medan Gyda herja ute

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. januar 2022

Torsdag kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen på Todalen skule. Og i går kveld passa det nok ekstra godt med innandørs aktivitetar, sidan Gyda herja ute. Mange barn og unge møtte opp for å ha det litt artig med balleik og for å trene litt saman.

Første post på programmet var frileik ei lita stund. Etter det vart det stikkball, amerikansk kanonball og landhockey.  

Godt å vere inne, når Gyda herjar ute! Foto: V A Ansnes


Medlem i Todalen.no –


Publisert: 14. januar 2022, 07:29