I dag vart det montert nye ishockeyvant rundt skeisebanen på Bordholmen stadion. Todalen Idrettslag har investert rundt 115.000 kroner i nye ishockeyvant. Samtidig er det og investert i ein snøfres for å halde snøen borte frå skeisebanen, så no er det berre kuldegradane som manglar, før det blir skeiseis på Bordholmen att!
Les heile saka
Det har vore mykje nedbør det siste døgnet, med vassføring på rundt 42 m2/sek ved Storfossen, og det ser ut til å stabilisere der omkring. Per definisjon kan vi nok ikkje kalle dette for flaum, da NVE har definert middelflaum i Toåa til å være minst 74 m/sek – men stor elv er det da etter årstida å dømme.
Les heile saka
Hektisk juleinnspurt på Kårvatn Fjellutstyr – før jul er det gjort ei lita justering av opningstidene, og for første gong skal vi prøve oss med søndagsope, fortel Gudmund Kårvatn. Komande søndag 19. desember skjer det altså og da er butikken open frå kl 12.00 til kl 16. Nettbutikken er alltid open!
Les heile saka
Det er meldt om mykje is i vegbanen på Fylkesveg 6145 mellom Øygarden (på Nordvik) og Bleikhammarn (rett før Svinvika). Vi oppfordrar difor alle som køyrer denne strekninga om å vere ekstra oppme og å køyre forsiktig for å unngå skade og farlege situasjonar! Mesta er varsla om saka, og rydding er forventa å bli utført ganske snart!
Les heile saka
Buzzard Twins – Thomas Bussard og Robin Bussard – var først i mål på dagen vertikal. Tøff konkurranse i Adamello i Italia, og Trym Dalset-Lødøen hamna på 9.-plass og Erik Kårvatn på 18.-plass og det må vel de to være nøgd med i den sterke konkurransen.
Les heile saka
TrondheimSolistene vil også markere det komande nyåret i Surnadal kulturhus. Og denne gongen med eit fyrverkeri av ein solist!
Les heile saka
Her kjem ein oversikt over opningstidene for biblioteket og sjølve kulturhuset fram til og med årsskiftet.
Les heile saka
Dagens World Cup-opning i Adamello i Italia var ein tøff start for Erik Kårvatn som stiller i 20-årsklassen på NSFs landslag for første gong. På prologen i dagens sprintkonkurranse kom Erik på 24.-plass i klassen med totalt 39 deltakarar. Lagkameraten frå landslaget, Trym Dalset Lødøen kom på 14.-plass i same konkurransen.
Les heile saka
Frå januar kan du velje mellom Pfizer og Moderna som oppfriskingsdose. Dette melder Surnadal kommune no i ettermiddag. Dette kjem som eit direkte resultat av smitteutviklinga i Norge, og vaksineringa med 3.dose blir difor intensivert rundt om i kommunane over heile landet.
Les heile saka
I ei pressemelding tidleg no i ettermiddag får vi informasjon om at kommunedirektøren i Surnadal kommune, ved å vise til dei nasjonale smitteverntiltaka, med verknad frå i dag, har stengt Surnadal kommunehus for besøk som ikkje er avtalt på førehand.
Les heile saka
Etter at det vart laga ein avtale mellom Todalen Idrettslag og Surnadal kommune, om leige av gymsalen på Todalen skule, har Barne- og ungdomsgruppa hatt fleire «balleikar» på tysdag og torsdagar. Dette har, som vanleg, vore ein populær aktivitet for aldersgruppa 7 – 15 år.
Les heile saka
Kl. 20.30 i kveld (onsdag 15.12) kommer det et innslag fra Toåa, som omhandler den nye prøveordningen med omfattende valdsamarbeid med en enhetlig modell for fiskeutleie, der det både legges til rette for lakseturisme og lokalt folkefiske.
Les heile saka