Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pårørandeforeininga kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. mars 2022

Styret i «Pårørendeforeningen for Surnadal sjukeheim» kallar inn til årsmøte tysdag 29. mars klokka 18:00 i kantina ved Surnadal sjukeheim. «Pårørendeforeningen for Surnadal sjukeheim» er ein frivillig organisasjon som driv med forskjellege trivselstiltak for bebuarane ved Surnadal sjukeheim. Alle som blir rekna som pårørande, blir automatisk medlem i foreininga, men på grunn av reglane for teieplikt, har ikkje styret i foreininga oversikt over kven som er medlemmer i foreininga. Styret ber difor om at pårørande, som har bebuarar ved sjukeheimen, møter opp på årsmøtet tysdag 29. mars!  

Av dei seks medlemmene av det sittande styret i foreininga, er det berre ein av dei som i dag er pårørande til bebuarar ved sjukeheimen. Ideelt sett skal det veljast styre med jamne mellomrom, slik at ein sikrar god kontinuitet, og at styret består av personar som er pårørande til bebuarar ved sjukeheimen. No er det fleire år sidan siste gongen det var val på styre, og fem av dei seks medlemmene i styret, er ikkje lenger pårørande til bebuarar ved Surnadal sjukeheim.   

Difor oppfordrar leiar i styret i «Pårøreforeningen for Surnadal sjukeheim», Irene Bolme, om at alle pårørande til bebuarar ved sjukeheimen møter opp på årsmøtet.  

Den største inntektskjelda til foreininga er minnegåver i samband med gravferder og støtte frå andre lag og organisasjonar. 

Pengane som foreininga får inn går til å finansiere forskjellege aktivitetar og trivselstiltak for bebuarane ved sjukeheimen. 

Pårørandeforeininga organiserer mellom anna haustfest og julebord for bebuarane, forutan å kjøpe inn julegåver og gåver til mor- og farsdagar.

Pårørandeforeininga gjer ein viktig jobb for trivselen for bebuarane ved Surnadal sjukeheim, og det er difor viktig å få på plass eit nytt styre i foreininga.  

Styret håper på at mange tek turen til årsmøtet deira, slik at ein kan få på plass eit nytt styre!

Publisert: 16. mars 2022, 07:46