Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den store tømmerdrifta i Halanesset

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mars 2022

Plana var å inspisere den store tømmerdrifta i Halanesset, men da vi stakk ein tur innom var det ingen aktivitet på lunningsplassen ved Romåbrua.  Vi hørte heller ingen motordur, så vi mistenker at det var lunchpause og samlinge på ein eller anna plass oppi lia – foreksempel oppå Høgbakkan etter hjulspora å dømme. 

Sjølv om det er køyrt ut på hundrevis med lass, så er det framleis mykje tømmer som ligg på lunningsplassen ved Romåbrua. Foto Jon Olav Ørsal

Men vi fikk da nokre bilder, både frå lunningsplassen ved Romåbrua og rundt omkring.   Ein tur til Brusetmarka og oppi Falla ga forresten betre oversikt over hogstfelta som maskinene jobba i.  Det var sagt at det skulle forega skogsdrift her ut mars måned og kanskje meir og vi meiner å ha høyrt tal på hogstkvantum på 6-7.000 m3 med gran.

Vi legg ut nokre bilder no, og så får vi ta ein tur seinare for å treffe folk og få bilder av maskiner i drift. 

lastbæraren er nok både for stor og for tung for den gamle Romåbrua – og køyrer rett over elva. Foto Jon Olav Ørsal

Hogstfelt ved Høgbakkan. Foto Jon Olav Ørsal

Hogstfelt i Romålia fotografert frå Falla for nokre dagar sia Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 16. mars 2022, 16:00